sumo_volvo_ocean_race
sumo_volvo_ocean_race

Volvo Ocean Race

Kvar laurdag kan du no følgje verdas hardaste havseilas der profilerte seglarar frå heile verda kjempar om sigeren.

Volvo Ocean Race er eit kappseilas jorda rundt som blir arrangert kvart fjerde år. Volvo Ocean Race 2008/2009 starta i Alicante 4. oktober, og blir avslutta i St. Petersburg 27. juni 2009. Ruta tar seglarane med over alle verdenshav, og består av ti etappar.

Regattaen blir segla med båttypen Volvo Open 70 (VO70). Denne regattmaskina er spesialkonstruert for fart og spektakulær segling. Åtte lag frå heile verda deltar i racet.

Du kan sjå høgdepunkt frå seilaset kvar laurdag klokka 18:00 på TV 2 Zebra.