Foto: Rights Managed
Kommentar

Prins Philip 1921 - 2021

Ein prins på flukt i Europa. Ei schizofren mor som blir behandla av Sigmund Freud. Søstre som giftar seg med nazister, marineoffiseren som deltar i sjøslag. Historia til Prins Philip er ikkje småtteri. Fredag stadfesta det britiske kongehuset at prinsen er død - 99 år gammal.

I desember 1922 blir ein skjør fruktkasse frakta om bord i det britiske marinefartøyet HMS Calypso utanfor kysten av Hellas. I kassen ligg ein guttebaby – eit av barnebarna til Kong Georg I av Grekenland og Danmark, som vart drepen i eit attentat ni år tidlegare.

Mor til den vesle babyen, Alice av Battenberg, er alvorleg sinnslidande. Far hans, prins Andreas av Hellas viste liten interesse for barna. Gjennom oppveksten blir gutten tatt hand om av ulike kongelege slektningar.

Prins Philip som 6-åring.
Prins Philip som 6-åring. Foto: Mary Evans Picture / NTB

I skuggen av krig

Om verdshistoria kunne speglast i ei enkeltskjebne, er Prins Phillip kanskje den som best personifiserer dei monumentale omveltningane som har skjedd i løpet av dei hundre åra han levde.

Ikkje minst Prins Philip si eiga dramatiske livshistorie, som er tett vevd saman med dei to store verdskrigane på 19-hundretalet. Utfallet av den første førte til ein revolusjon i Hellas, som sendte prinsen og familien på flukt. Hans eigne systre gifta seg alle med tyske adelsmenn som fekk framtredande roller i nazi-Tyskland.

Sjølv kjempa marinoffiseren Philip i fleire slag på dei allierte styrkane si side under den andre verdskrigen.

Prins Philip tjenestegjorde i den britiske marinen under andre verdenskrig, og fikk flere utmerkelser.
Prins Philip tjenestegjorde i den britiske marinen under andre verdenskrig, og fikk flere utmerkelser. Foto: Mary Evans Picture / NTB

Møttes som barn

Som fersk marinekadett like før utbrotet av 2. verdskrigen, begynte 18 år gamle Philip å brevveksle med den då 13 år gamle Elizabeth som han var blitt kjent med fem år tidlegare.

Då var ho framleis berre niesa til ein konge ingen visste ville abdisere kort tid etter.

Dèt løfta Elisabeth opp som tronarving, og då dei to gifta seg i Westminster Abbey i 1947, fekk Prins Philip også tittelen Hertugen av Edinburgh.

Ved foten av Mount Kenya – i Sagana Lodge – på sin første representasjonstur til Dei Britiske Samveldestatane, var det Prins Philip som måtte gje dronninga den tunge beskjeden om at far hennar var død.

Keep calm and carry on

Den jordnære, røffe, for enkelte kanskje brutale stilen til Prins Philip synest fjern og kald for dei fleste i dag. Kanskje var det Prins Philip sin eigen rotlause, røffe oppvekst som også prega han i familiespørsmål.

Forholdet til den diamentralt motsette sonen og tronarvingen Charles, var under Charles’ barndom langt unna det vi i dag seg på som eit naturleg far – son-forhold.

Philip insisterte blant anna å sende den sarte Charles til kostskulen Gordonstoun i Skottland, for at han under den tøffe, fysiske skulegangen der skulle bygge karakter, og bli ein «ekte mann.»

Det mest synlege kollisjonen mellom den gamle og det nye kongehuset såg ein kanskje under gravferda til Diana.

Kven som til sjuande og sist tok den skjebnesvangre avgjerda å presse på for å også få barnebarna Harry og William til å følgje kista til Diana under gravferda, er uklart.

Likevel, verken Charles eller Philip, som gjekk saman med barna, sette ned foten for det som historia har vist sette djupe spor i barnesinna.

Kanskje ikkje så rart at Prins Philip ikkje såg på det som ei for ekstrem oppgåve for eit barn; sjølv hadde han som 16-åring reist til nazi-Tyskland for å følgje kista til sin favorittsøster, som døydde i ein flystyrt etter å først ha født i flyet.

Darmstadt 1937: Prins Philip i gravfølge til syster si, prinsesse Eleonore av Solms-Hohensolms-Lich, saman med fleire høgtståande nazistar.
Darmstadt 1937: Prins Philip i gravfølge til syster si, prinsesse Eleonore av Solms-Hohensolms-Lich, saman med fleire høgtståande nazistar. Foto: Mary Evans Picture / NTB

– Ein forbanna amøbe!

Å være nummer to i eit ekteskap – i tillegg eit royalt sådan, viste seg tidvis vanskeleg å godta for Prins Philip.

«Eg er berre ein forbanna amøbe. Eg er den einaste mannen i landet som ikkje får gi namn til sine eigne barn,» klaga prinsen då det vart bestemt at det kongelege hushaldet skulle få namnet Windsor, og ikkje Mountbatten, eller Edinburgh.

I ung alder var prins Philip kjent som ein kvinnebedårar, og kongelege ekspertar meiner at prinsen skal være glad for at han levde i ei tid då pressa vegra seg for å skrive om eventuelle utenomekteskaplege eskapader.

Prins Philip med Charles på armen, saman med Dronning Elizabeth II og prinsesse Anne.
Prins Philip med Charles på armen, saman med Dronning Elizabeth II og prinsesse Anne. Foto: AP / NTB

Humoren og stilen til prins Philip har av omverda ofte blitt oppfatta som krass og sjokkerande og til tider upassande, sjølv om dei færraste av dei han vitsa med og om, vart fornærma. Eit uttal av kommentarane til prinsen fann vegen til tabloidene; som då han og dronninga møtte synshemma og blinde og dronninga spurde ein mann kor lite han eigentleg kunne sjå? – Knapt noko som helst, ut frå slipset han har på seg, small det frå Philip!

Sett med dagens auge framstår vitsane og kommentarane frå Prins Philip som ein samanhengande krenkefest av misogyni og rasisme.

Ein mann av si tid

Livet til dei kongelege framstår ofte som ei spegling av folk flest sine draumar og ideal, men også det uoppnåelege og det framande.

Med si dramatiske historie spegla Prins Phililp den tida han var født inn i, men med åra framsto speglbiletet av mannen og ikkje minst familiefaren Prins Philip stadig meir og meir falma og utdatert.

I 2017 trakk Prins Philip seg tilbake og slutta å representere det britiske kongehuset på offentlege arrangement.

Då hadde han representert det britiske monarkiet i heile 65 år som ektefelle til Dronning Elizabeth II, såkalla prinsgemal.

Det er ein innsats det står stor respekt av.

Dei siste åra levde Hertugen av Edinburgh tilbaketrukke på slottet Sandringham, der Kong Georg VI, far til Elizabeth II sovna stille inn i 1952.

16. februar i år vart Prins Philip lagt inn på sjukehuset King Edward VII med ein infeksjon.

Dronning Elizabeth II, saman med Hertugen av Edinburgh, prins Philip.
Dronning Elizabeth II, saman med Hertugen av Edinburgh, prins Philip. Foto: Stella Pictures

No har babyen frå fruktkassen, marinemannen og piloten, dronninggemalen og hertugen, ektemannen, elskaren, faren og bestefaren med den dramatiske livshistoria, stillferdig gått ut av tida.

For ein gangs skuld før sin Elizabeth.