Kommentar

Trump is coming

Trump is coming
Gløym Game of Thrones, no er det Game of Brexit som gjeld. Denne veka er det klart for ein høgdramatisk sesongfinale! Vi har tatt ein snik-titt på siste episode.

Nest siste episode av Brexit sesong 3 endte høgdramatisk. Ei utmatta Theresa May måtte gråtkvalt konstatere at ho blei skriven ut av serien, og at plottet tok ei ny vending. Denne veka er det klar for tidenes sesongfinale av brexit-serien!

Her snakkar vi brexit møter Trump på heimebana til Huset Windsor. Og det heile spelar seg ut mot kampen om nøkkelen til nummer 10, Downing Street, og løysing på den fastlåste EU-utmeldinga.

Som om ikkje det var nok: Vår eigen statsminister Erna Solberg spelar også ei birolle i siste episode!

Den lange vinteren

For det må ærleg innrømmast; Game of Brexit - sesong 3 har absolutt hatt sine dødpunkt.

Særleg ille blei serien utover vinteren, med dei mange meiningslause avstemmingane i underhuset.

På eit punkt var det meir spennenda å sjå kva psykedelisk slips speaker John Bercow hadde på seg, enn å følgje nok ei resultatlaus avstemming.

Men manusforfattaren sine mange krumspring blei tilgitt då Theresa May i ei dramatisk vending i forrige episode varsla at ho går av.

NB! spoiler alert!

Sesonfinalen denne veka startar spektakulært. To av vår tids stormsenter – Trump og brexit - slår seg saman, og her er det verkeleg uvær i vente.

Episoden startar med at Donald Trump, etter invitasjon frå dronning Elizabeth II, set føtene på britisk jord i sitt første offisielle statsbesøk.

Med seg har Trump storparten av familien: førstedame Melania, døtrene Ivanka og Tiffany, svigerson Jared og sønene Don jr. og Eric.

Her er det verkeleg duka for både drama, spenning og humoristiske scener!

Alt før avreisa har Trump kasta seg inn i leiarstriden i det konservative partiet, ved å støtte den kontroversielle og fargerike Boris Johnson i forsøket på å slå kloa i nøklane til nummer 10.

At han også ber britane prøve Brexit-partiet sin Nigel Farage som EU-forhandlar har også blitt lagt merke til!

Alt står på spel. Britane sin neste statsminister vil avgjere når, korleis eller om britane går ut av EU.

Enn så lenge sit stakkars Theresa May som vaktmester i Downing Street. Det er duka for eit awkward moment når dei to møtes.

Ingen forventar ein repetisjon av Hugh Grant sin tale til den amerikanske presidenten i «Love Actually».

Pøser på med spesialeffektar « The Queen »

Det visuelle uttrykket i sesonavslutninga når også nye høgder. Her blir det ikkje spart på pengane!

Titusenvis av demonstrantar i gatene i London øydelegg Trump sin draum om å kjøre gullvogn ned paradegata mot Buckingham Palace.

Men for alle fans av britiske kostymedrama, sesongfinalen byr på meir enn nok pomp og prakt.

Vi får servert bankett med dronninga på Buckingham Palace, afternoon tea med prins Charles, og ulike møter med stort sett heile den britiske kongefamilien.

Skjønt, det er eitt unntak. Kona til prins Harry, amerikanske Meghan Markle som tidlegare har kalla Trump ein kvinnehatar, er ikkje der. Ho er heime i Frogmore Cottage i Windsor, og skjermar vesle Archie Harrisson Mountbatten-Windsor frå møtet med The Donald.

Donald the stalker

Men den mest pikante scena i sesonagavslutninga ser likevel ut til å bli møtet mellom Trump og sønene til prinsesse Diana, Harry og William.

På eit tidspunkt var Trump fullstendig fiksert på Diana og bombarderte ho med blomster, telefonar og kjælighetsbrev.

I eit radiointervju slo Trump fast at han definitivt kunne ha «naila» Diana. Møtet mellom Donald og prinsane Harry og William blir definitivt ein høydare.

Og Norge er med...

Norge er faktisk også med i Game of Brexit – sesong 3, om enn i ei lita birolle.

Vår eigen statsminister Erna Solberg er også med.

Erna skal nemleg delta i Portsmouth onsdag, på første del av 75-årsmarkeringa av D-Dagen – den allierte invasjonen for å frigjere Europa frå nazismen.

I tillegg til Erna, dukkar også Angela Merkel og Emanuel Macron opp. Og med saluttar, musikk og veteranfly frå 2. verdskrig brølande over Portsmouth, vinkar dronning Elizabeth II og dei andre farvel til Donald Trump.

Det er duka for den mest storslagne sesongavslutninga så langt i Game of Brexit!

Trump is coming
Lik på Facebook