Bli med på innsida til eit av verdas mest lukka land

SAUDI-ARABIA (TV 2): Du har kanskje eit svart-kvitt bilete av Saudi-Arabia. Det er ikkje så rart. Kvinne-undertrykking, krigen i Jemen, journalist-drap og halshoggingar. Landet er berykta, og med god grunn. Men viss ein først besøker landet må ein fort svelge nokre kamelar.

Vi landar i Dammam på austkysten av Saudi-Arabia midt på svarte natta. Passe trøtt i toppen har eg nettopp baksa på meg ein abaya, ein ankellang kjortel. Dette er påbudt bekledning for kvinner i det ultra-konservative kongedømmet. Men som utlending treng eg ikkje hovudsjalet, som blir kalla hijab.I køen til passkontrollen er det stort sett menn. Dei få lokale kvinnene er kledd i heilsvart, både abaya og niqab, tørkleet som skjuler ansiktet med unntak av augene.Lukka land

Mer innhold fra TV 2