Kommentar

Oslo 20171023.Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim, 2. nestleder på Senterpartiets landsstyremøte i Oslo.Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
Oslo 20171023. Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim, 2. nestleder på Senterpartiets landsstyremøte i Oslo. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix Foto: Bendiksby, Terje

Naivitet frå Senterpartiet

Partiet vil ha mindre byråkrati, men resultatet vert fort mindre demokrati.

Ingen ønskjer å argumentera for unødig måling og kontroll. Likevel vert det meir byråkrati og kontroll i stat og kommune.

Kvifor? Fordi det er naudsynt.

I helga skal landsmøtet i Senterpartiet handsama ei fråsegn om ei «tillitsreform», skriven av eit utval leia av nestleiar Anne Beathe Tvinnereim. Ho vil ha mindre styring og meir tillit.

Eg har sans for tanken, men når eg les dokumentet er det klårt at ei slik reform ikkje berre er vanskeleg, men mykje av det er òg ein dårleg idé.

Vegen er kort frå tillit til naivitet.

Journalistar ser dagleg kvifor det er naudsynt med kontroll. Viss det til dømes skjer ei ulukke med eit utanlandsk vogntog på ein norsk veg, vil ein journalist spørja etter statistikk over kor mange slike ulukker det har vore. Finst det eit mønster?

Viss politiet gjer noko uvanleg, som å arrestera nokon i kyrkjeasyl, vil journalistane finna ut om det skjer med støtte frå politikarar.

Utan papirspor er det umogeleg å finna svaret på desse spørsmåla. Då vert det vanskelegare for veljarane å halda politikarar ansvarlege og det vert vanskelegare for politikarar å laga politikk.

Mathias Fischer, kommentator i TV 2
Mathias Fischer, kommentator i TV 2 Foto: Håvard Solem/tv 2

Eit favorittdøme for tidlegare KrF-leiar Knut Arild Hareide har vore familiar som må vitja Nav kvart år for å stadfesta at bornet framleis har Downs syndrom eller at ein amputert fot ikkje har vakse ut. Det høyrest dust ut. Og det er dust.

Men så finst det andre døme. Som Tolga-saken, der kommunen registrerte tre brør som psykisk utviklingshemma. Mangel på kontroll var årsaka til skandalen.

Med meir byråkrati og fleire krav til rapportering, ville dette neppe skjedd.

Eit framlegg i Sp-fråsegna er «å revidere og snevre inn Riksrevisjonens mandat til forvaltningsrevisjoner. Revisjonen skal ikke lenger kontrollere andre organers måloppnåelse i forhold til virksomhetsplaner, risikoevalueringsskjemaer og liknende, men konsentrere seg om tradisjonell budsjettkontroll».

Senterpartiet har ofte vore glade i rapportar frå Riksrevisjonen, òg dei som handlar om meir enn budsjettkontroll.

Det gjeld anten det er ein rapport om tryggleik i eldreomsorga som får stortingsrepresentant Kjersti Toppe til å rasa mot eldreministeren eller ein rapport om objektsikring som får partiet til å røysta for mistillit mot regjeringa.

Sånn er det kvar gong. Riksrevisjonen tel og rapporterer og kritiserer, og opposisjonen vert rasande av å lesa rapporten.

Alle som har hatt augo på norsk politikk dei siste åra, kan sjå at desse rapportane har ein verdi. Viss Riksrevisjonen ikkje skal ha den oppgåva, må nokon andre gjera ho. Då er ein like langt.

Eit anna framlegg frå utvalet er punktet «Ha dialogmøter mellom administrasjon og underliggende etater i stedet for å styre gjennom formell brevveksling (for eksempel tildelingsbrev)».

I dag er tildelingsbreva blant dei viktigaste styringsreiskapane i demokratiet. Nasjonalt er prosessen slik: I statsbudsjettet løyver Stortinget pengar til offentlege verksemder. Regjeringa skriv tildelingsbrev som seier kva ho ventar at verksemda skal driva med. Det gjeld alt frå Nasjonalbiblioteket til Politidirektoratet.

Å erstatta desse med dialogmøte kan sikkert føra til mindre byråkrati, men det vil òg føra til mindre demokrati. Kaffe, Mozell og tebrød kan ikkje erstatta tydeleg formell styring.

Den formelle brevvekslinga gjer det mogeleg for regjeringa og Stortinget å sjå at etatane gjer som dei skal. Ho gjer det òg mogeleg for journalistar og folk flest å kontrollera kva skattepengane går til.

Dette gjeld òg i kommunane, som Senterpartiet skriv om. Det er turvande å ha tydelege skriftelege kommandoliner som er mogelege å følgja opp i ettertid.

Utvalet vil òg at politikarar skal utøva meir skjønn ved tildeling av offentlege midlar. Tanken er sikkert god, men det er sånt som legg til rette for korrupsjon og venetenester.

Igjen ser eg dette frå ein journalist sin ståstad: Viss det står fram som merkeleg at ein organisasjon får pengar frå kommunen, spør me kvifor. Då er det fint om dei kan visa til konkrete kriterium som organisasjonen innfrir.

Det er lett å seia at ein vil ha mindre byråkrati og meir tillit. Og det er eit problem at politikarar vert overivrige etter å detaljstyra.

Men resultatet av mindre politisk kontroll, er nettopp det: mindre folkestyre. Tillitsreforma til Senterpartiet er ei oppskrift på meir styring frå fagfolk, byråkratar og elsyklande elitistar.

Det var neppe meininga.

Lik på Facebook