#

2SITERT

Kva er planen din, Giske?

Kva er planen din, Giske?
Foto: Ned Alley / NTB scanpix
Han er attende, og han er klar for makt.

Her er eit mogeleg scenario: Neste helg vert Trond Giske vald til medlem av arbeidsutvalet til Trøndelag Ap og til landsstyret i partiet. Da har han fått ei tillitserklæring frå fylkeslaget, og dei same folka kan velje han til førstekandidat ved stortingsvalet i 2021.

Han vert vald. Då vil han kunna seia at han har fått tillit frå veljarane, og fleirtalet i stortingsgruppa er samd. Difor kan han få eit toppverv, til dømes som komitéleiar på Stortinget. Kanskje sit Ap no i regjering, og etter eit par år vert han statsråd. Fordi Giske ikkje har noko liv utanfor politikken, tek han attval i 2025.

Det vert eit katastrofeval, og partiet treng ein ny leiar.

Kvifor ikkje velje Trond Giske? Det er jo så lenge sidan desse metoo-greiene, og dessutan, var dei no eigentleg så ille, dei sakene? Han er jo så flink!

Plutseleg sit han der. Statsminister Trond Giske.

Kanskje er dette planen. Det kan òg vera enklare enn som så, at han kjedar seg og vil ha litt meir å gjera. Kanskje vil han berre vinna nokre siste slag, slik at han får ein betre plass i historiebøkene. Det er ikkje lett å veta kva planen er, men ein plan, det har han.

Det må han ha, viss ikkje er det merkeleg, det han driv med no.

Inntrykket mitt er at haldninga til Giske-allierte i Trøndelag har vore at «Ja ja, viss Trond meiner det er tid, så er det tid». Dei hoppa fordi han sa hopp.

Det er ikkje slik at det har vore eit folkekrav, i alle fall ikkje frå valkomiteen, at Giske skulle få ein plass i styret. Dette fekk Giske avgjera sjølv. Han meinte at han hadde samla nok støtte etter eitt år med arbeid bak sceneteppet.

Han visste at det ville verta bråk, men det ville han tole. For det er ikkje hans oppgåve å skapa ro i partiet.

Mykje vert sagt om tillit no. Mellom anna av Giske sjølv, som på Facebook takkar for tilliten frå valkomiteen. Det som ikkje er tydeleg, er kva Giske har gjort det siste året som gir grunnlag for meir tillit.

Provet på at han fortener ein plass i Trøndelag-leiinga, skal vera at han har vore flink som leiar av fylket sitt organisasjonsutval. Det er ikkje særleg relevant. Giskes kompetanse har aldri vore saka.

Saka er innhaldet i varsla. Saka er kva han gjorde mot dei kvinnene som varsla, og at partiet konkluderte med at han hadde brote retningslinjene.

Siste setning i den soga var at Giske prøvde å få Ap-leiinga til å ta opp att handsaminga av metoo-varsla. Han sende eit langt dokument for å få fram si side av saka.

Det tyder at han framleis meiner at han ikkje har brote partiet sine retningslinjer. Han er ikkje ein angrande syndar, berre ein bitter trønder.

Er det mogeleg å byggja opp att tillit utan å angra?

Folka i Trøndelag som no vil røyste han inn, mista aldri tilliten til Giske. Så det var eigentleg ei enkel oppgåve for han å vinna fram der. Noko heilt anna vert det når han skal prøva å vinna fleirtalet på landsmøtet. I resten av landet er det mange som ikkje tek lett på det han har gjort.

Men på landsmøtet har Giske ein stor fordel: Han er flink til å telja.

Han veit at ein berre treng 50 prosent pluss éi røyst for å verta vald, viss eller når han vil ha eit nasjonalt verv.

Den siste runden no i Trøndelag er òg eit prov på at han ikkje bryr seg om kva han riv ned på vegen. Han toler konflikt. Han toler meir merksemd om varsla.

Trond Giske samlar gjerne på fiendar, så lengje han har fleire vener. Om ikkje fleire, så er dei i alle høve mektigare.

Lik TV 2 Nyhetene på Facebook