Maria Gabrielsen endte opp i konsentrasjonsleir etter å ha blitt angitt av sin egen mor. Her er hun på besøk i Auschwitz i forbindelse med 70-årsmarkeringen etter frigjøringen. FOTO: Kjetil Iden/TV 2
Maria Gabrielsen endte opp i konsentrasjonsleir etter å ha blitt angitt av sin egen mor. Her er hun på besøk i Auschwitz i forbindelse med 70-årsmarkeringen etter frigjøringen. FOTO: Kjetil Iden/TV 2

«Enno fins det dei som nektar for at det skjedde. Som nektar for jødeutryddinga. Som nektar for Holocaust».

Ingen stader bit kulda som i Auschwitz. Ikkje berre fordi det er januar, og ein bitande vind feier over dei snøkledde jordene sør i Polen.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Også stats- og regjeringssjefane vil kjenne kulda i dag, der dei sit i eit gigantisk telt reist ved den såkalla «Dødsporten» i Auschwitz - Birkenau.

Kulda frå nazistane sitt grusomme forsøk på å utslette jødar, sigøynarar og alle som ikkje var verdige eit liv i Hitlers Nazi-Tyskland lar seg ikkje tine. Ikkje på 70 år, ikkje på 700 år heller. Auschwitz vil for alltid stå som ein skamplett for menneskeslekta.

I to dagar har eg og fotograf Kenneth Cuomo traska rundt i snøen i dei gigantiske konsentrasjonsleirane her. I eit forsøk på å formidle ein liten flik av det som skjedde for over 70 år sidan.

Med oss har vi hatt 80-åringen Maria Gabrielsen. Ho, og seks søsken vart sendt på barneheim, og seinare til konsentrasjonsleiren Theresienstadt. Angitt av si eiga mor, som ikkje lengre ville være gift med ein jøde, eller vedkjenne seg sine eigne barn, då den nazistiske giftideologien hadde gjennomsyra Wien, byen der familien budde.

Maria blei norsk etter krigen. No reiser ho som tidsvitne med norske skuleklassar for å fortelle om det som skjedde. Hennar eigen far vart sendt i gasskammeret i Auschwitz, då han ikkje lenger var sterk nok til å arbeide. 

For enno fins det dei som nektar for at det skjedde. Som nektar for jødeutryddinga. Som nektar for Holocaust.

Ved 60-årsmarkeringa deltok 1500 overlevande. I år er det 300. Om ti år er det knapt augnevitne tilbake. Kven skal då fortelle historiane frå det ufattelege som skjedde?

Kulda i Auscwitz går gjennom marg og bein, gjennom tida og historien. Ein reporters magre trøyst er at vi med vår formidling, kanskje kan bidra til å tine frosten.