Torsdag 20:00 - 20:30

Test av mini-PC

Er du lei av å drasse med deg ein stor og tung laptop i veska? Dei nye minipcane har vore ein formidabel salssuksess her i landet, og vi har testa kva for ein av disse pcane som leverer best.

Om testen:
 

 - For dei som vil ha ein pc som er lett å ta med seg, og berre skal nytte han til enkle oppgåver som å ta notat, spele musikk og surfe på nettet, er disse nye minipcane midt i blinken, fortel Bjørn Eirik Loftås i dinside.

Med mange nye minipcar på marknaden, kan det vere vanskeleg å vite kva for ein pc som passar best til ditt bruk.

Din Side sin dataekspert har testa sju minipcar og fann store avvik i batterilevetid og tastaturstorleik. Likevel er alle pcane vi har testa svært gode maskiner som ikkje kostar så alt for mykje.

– Pris og storleik er hovudårsakene til at disse maskinene har vorte så populære, seier Loftås.

– Men maskinene er for dei fleste aktuell som ei god nr.2-maskin, ikkje som hovud-pc.

I denne testen er ikkje pris rekna inn i totalvurderinga, då prisen på minipcane variere både frå veke til veke og butikk til butikk. Eit godt tips er difor å leite etter tilbod og sjekke fleire stadar før du går til innkjøp av din nye pc.

Vi har lagt vekt på følgende testkriterier:
 
  • Batterilevetid
  • Støy
  • Utstyrsnivå
  • Tastatur/peikeplate
Resultater
 © TV 2 hjelper deg Packard Bell
Dot
3 700,-  
 © TV 2 hjelper deg Toshiba
NB 100
3 500,-  
 © TV 2 hjelper deg MSI
Wind U 100
4 000,-  
 © TV 2 hjelper deg Asus
EEE PC 1000H
3 800,-  
 © TV 2 hjelper deg Lenovo
IdeaPad S10e
3 500,-  
 © TV 2 hjelper deg Fujitsu Siemens
Amilo Mini Ui 3520
3 400,-  
 © TV 2 hjelper deg Acer
Aspire One
3 600,-  
 © TV 2 hjelper deg LG
X110
3 500,-  
 
 
 
reklame