Test av varmeposar for born
Det er ikkje berre vi vaksne som må pakke oss litt ekstra godt inn når gradestokken kryp nedover.
Om testen:
Også mistemann i barnevogna skal halde varmen ute på trilletur, men med mange varmeposar på marknaden kan det vere vanskeleg å vite kva for ein som er den beste.
I vår test av varmeposar for born tok testtaparen full fyr etter berre 1 sekund i kontakt med eld, og trekket på den nest dårlegaste posen krympa så mykje i vask at foret ikkje lenger fekk plass.
- Eg har sjølv opplevd at varmeposen til dotter mi tok fyr, og det berre grunna ein sigarettsneip som fall ned i vogna, fortel tekstilingeniør Barbra Walaker-Nikolaisen i SIFO.
Heldigvis var ikkje jentungen i vogna då det skjedde, elles kunne uhellet fått alvorlege konsekvensar.
Walaker-Nikolaisen er ein av ingeniørane som har testa varmeposar for born for TV2 hjelper deg og klikk.no.
Det har vore testa kor godt posane tåler eld, regn, vask og kulde, og fleire av posane kom særs dårleg ut.
- Det var store skilnader mellom varmeposane, og foreldre må sjølve vurdere kva behov og prioriteringar dei vil ta når dei skal kjøpe pose til minstemann, er rådet frå Walaker-Nikolaisen.
Dårlegast ut i testen denne gongen, vart Odenwälder Holly. Denne posen tok raskt fyr då vi testa kor brennbar han var.
Odenwälder-posane vert importert av Barnas Hus, og deira kontaktperson, Kristin Mørstad, forklarar at den låge motstanda mot flamme skuldast at Odenwälder produserer sine posar i henhald til Øko-tex-standarden.
Dette inneber at det ikkje er nytta flammehemmande kjemikaliar i produktet, då disse kan vere helseskadelege for bornet.
- Vi sel mange slike posar kvart år, og får gode tilbakemeldingar frå kundane, fortel Mørstad, som anbefaler å nytte regntrekk på våte dagar.
Også HTS Voksi, som med sin Classic-modell kjem nest sist i testen, forklarar det dårlege resultatet med at dei produserer sine posar etter Øko-tex-standarden, noko som spelar inn på vaskeeigenskapane.
Testens vinnar, Igloo Troller, er å få kjøpe på Barnevognhuset Rudo. I tillegg har denne posen ein tvilling, varmeposen Voksi Urban.
Igloo Troller er nemleg produsert av HTS Voksi, som også produserer ein identisk pose under sitt eige merke. Dersom du vil ha posen frå Voksi må du derimot punge ut med noen hundrelappar meir, då denne kostar 1899,-.
Denne prisskilnaden forklarar HTS Voksi med at du mellom anna får med ein meir påkosta bag til varmeposen med på kjøpet.
Vi har lagt vekt på følgende testkriterier:
-
Vassavvisande evne
-
Endringar i vask
-
Dimensjonsending
-
Brannmotstand
-
Varmeisolasjon
-
Pris
Resultater
|
Igloo troller |
|
| 1 299,- | ||
|
Ticket to heaven |
|
| 900,- | ||
|
EasyGrow |
|
| 1 999,- | ||
|
Aro Arctic |
|
| 1 499,- | ||
|
Odenwälder Mucki |
|
| 1 299,- | ||
|
Voksi Classic |
|
| 2 275,- | ||
|
Odenwälder Holly |
|
| 1 899,- |
Igloo Troller

