Test av barnevogner

To av sju vogner i vår test av barnevogner klarte ikkje tryggleiktesten og kan vere farlege. Vi kan i samarbeid med Foreldre og Barn avsløre kva for vogn du bør styre unna, og kva for vogn du trygt kan plassere minstemann i.

Om testen:
 

To av sju vogner klarte ikkje tryggleiktesten i vår test av barnevogner. Phil & Teds Sport kollapsa tidleg i brukstesten, medan låsmekanismen til Teutonia Mistral S slutta å fungere når vogna vart løfta med 30 kg last. – Vendbare handtak av typen du finn på Teutonia si vogn ser vi ofte problem med, så dette er eit tilbakevendande problem, fortel vår testansvarleg Patrik Spånglund ved Sveriges Tekniska Forskningsinstitut.

 -Teutonia Mistral S fyller dei krav den offisielle standaren EN 1888 stiller til barnevogner som blir selt i Noreg, sier administrerande direktør i Stera Produkt, John Obstfelder seier til TV 2 hjelper deg.Vidare påpeiker han at denne vogna er den einaste med overslagshandtak.

Det er i Sverige registrert over 500 fallulykker frå vogn dei siste åra, og svenskane har no teke tryggleik for born i vogn på alvor. Det er difor innført eit nytt svensk merkingssystem, den såkalla p-merkinga, som stiller strengare krav til vognene enn EU-standarden.

Dette systemet er utvikla i tett samarbeid med barnevognbransjen, då det rådde stor grad av semje om at EU-standarden ikkje var tilstrekkjeleg. Dette er førebels ikkje eit system produsentane i Noreg må forhalde seg til, men vi har i denne testen valt å teste barnevognene ut frå det svenske systemet.

Les også: Test av varmeposer for barn 
Les også: Test av barneseter

– Dei ulike testkriteria er gjort så tett opp til kvardagslege situasjonar som mogleg, opplyser Spånglund. Dette er likevel ikkje ein brukstest, men ein laboratorietest av vogner, og dersom du har erfaring med barnevogner som du vil dele med andre, kan du gjere det på bunn av siden.
 

Tryggleiktesten:
1. Rullebandstest. 72 000 runder på eit rulleband med hinder som etterliknar fortauskantar og liknande. Vognene er lasta med den maksvekta som er oppgitt i bruksanvisinga. Handtaket på vogna vart i tillegg belasta med to kg, og fem kg vart plassert i lastekorga under vogna.

2. Kontroll og belastning av låsmekanismen for samanslåing. Låsmekanismen vart her belasta med 30 kg. I tillegg er vendbare handtak testa i høve standarden sitt krav på funksjon.

3. Handtaket sin soliditet. Gjentekne trykk og løft (3000) av handtaket på vogna. Gjentekne rykk av handtaket i nedkjølt tilstand, då opp og ned på begge sider av handtaket. Temperaturen var minus 30 grader då testen vart gjort.

4. Instruksjonsboka vart kontrollert ut frå standarden sine krav.

5. Dersom vogna hadde handleddsband, vart disse testa med 50 kg belastning.
 

Vi har lagt vekt på følgende testkriterier:
 
  • Tryggleik
  • Funksjonar/kvalitet
  • Pris
Resultater
 © Testfakta.se Emmaljunga
City Cross
5 000,-
 © Testfakta.se Brio
Go
6 000,-
 © Testfakta.se One Tree Hill
Mountain Buggy Stroller
6 700,-
 © Testfakta.se Bugaboo
Bee
4 800,-
 © Testfakta.se Maxi Cosi
Mura
5 700,-
 © Testfakta.se Phil & Teds
Sport
5 500,-
 © Testfakta.se Teutonia
Mistral S
3 000,-
Del med andre
Abonner
Digg Nettby
Tips en venn
TV 2 hjelper deg

Programtittel: TV 2 hjelper deg
Nasjonalitet: Norsk
Sjanger: Forbrukermagasin
Oppstart: 1997
Sesong som vises i 2009: 24
Antall episoder denne sesong: 30
Programleder: Solveig Barstad
Produsert av: MTV Mastiff
Offisiell hjemmeside
TV 2 Sumo: Se TV 2 hjelper deg på TV 2 Sumo

Sendes: På TV 2 torsdager fra 10. september