Torsdag 20:30

Stor test av tursekker

Prøv før du kjøper, og dyrt er bra er konklusjonen til Villmarksliv.

Sekkene er brukt til fots og med ski i variert terreng. Villmarksliv har disponert de fleste sekkene i ca. syv måneder. Fem erfarne sekkebrukere har vært engasjert i testingen.
Bærekomfort er testet med 7–9 kg i sekken, og er vurdert ut fra hva hver enkelt tester har kommet fram til.
Sekkene er blitt prøvd av personer med noe forskjellig høyde og kroppsbygning for å prøve justerings- og innstillingsmuligheter. Den oppgitte egenvekten på sekkene er målt av villmarksliv, og kan avvike noe fra det leverandøren oppgir.

Om testen:
 

Dyrt er bra. Det viser resultata av denne testen frå bladet Villmarksliv.

Likevel er det ingen av dei 11 produkta som er dårlege, og det er slett ikkje sikkert at du har behov for dei dyraste produkta.

Derfor er det viktig at du vurderer kva du treng. Skal du bruke sekken mest om sommaren eller vinter? Kor tungt skal du bære?

Nokre av sekkane er spesielt retta mot klatring, mens andre passar til alpinbruk. Er det fleire som skal bruke sekken? Då er det viktig å kunne regulere rygglengda.

Vi presenterer fem av sekkane i testen frå Villmarksliv. Ein under tusenlappen, og fire sekkar som ekspertene frå bladet spesielt vil anbefale.

Dei andre sekkane i testen finn du her.

Der kan du mellom anna lese om kva sekk du bør velge til alpin bruk.

Prøv før du kjøper!

Det aller viktigaste rådet når du skal kjøpe ryggsekk er at du må prøve sekken på før du kjøper!
Sjekk passform og ikkje minst rygglengda. Det er det klare rådet frå Knut Brevik, redaktør i Villmarksliv.

Dersom det berre er du som skal bruke sekken er det ikkje sikkert du treng muligheten med å regulere rygglengda. Då sparar du vekt og det er færre ting som kan bli øydelagde.

– Dei fleste av oss treng berre eit godt bæresystem og ein til to utvendige lommer, pluss lomme i topplokket, seier Brevik.
 
I tillegg kan det vere greit å ha tilgang til sekkerommet gjennom ein ekstra glidelås.

Ver nøktern!

Gå for den minste sekken som passar dine behov. Pakk lurt framfor stort, avsluttar Brevik.

Trenger du nye fjellsko? Les test her


På jakt etter større sekkar? Les Villmarklivs sin test av helgesekker:

 

 


Vi har lagt vekt på følgende testkriterier:
 
  • Bærekomfort

    I testperioden er sekkene stort sett brukt med 7-10 kg. Sekkane har vore godt/riktig pakka. Vektlagt med 50 prosent.

  • Praktiske løysingar

    I testperioden er sekkene stort sett brukt med 7-10 kg. Sekkane har vore godt/riktig pakka. Vektlagt med 50 prosent.

  • Justeringsmuligheiter

    Justering av rygglengde, hoftebelte, bærereimar, toppstrammarar og brystreim. Vektlagt med 10 prosent.

  • Kontruksjon og slitestyrke

    Testpanelet har vurdert generell kvalitet, klips, glidelås, vekt sømmar og reimar. Vektlagt med 20 prosent.

Resultater
Foto: © Black Diamond
Sphynx 32
1 299,-  
Foto: © Osprey
Stratos 26
1 000,-  
Foto: © Gregory
Z35
1 799,-  
Foto: © Norrøna
Falketind 35
1 499,-  
Foto: © Bergans
Birkebeiner 35
800,-  
 
 
 
reklame