Test av pappviner
TV 2 hjelper deg har testa 83 pappviner. Her får vite kven du bør satse på til påske og kven du bør styre unna.
Ekspertane har blindtesta alle produkta. Det vil seie at dei ikkje veit kva produkt dei får smake.
Om testen:
Påska er høgsesong for pappvin. På Vinmonopolet finner du over 80 røde pappvinar og TV 2 hjelper deg har i samarbeid med Art of Taste testa 83 produkt.
Korleis går ein fram for å prøvesmake så mange vinar?
Vineksperten Arnie Stalheim forklarar at testpanelet har lang erfaring i å smaksteste vin. I tillegg er testen utført over fleire dagar og sjølvsagt; vinen må spyttast ut undervegs!
Ekspertane har blindtesta alle produkta. Det vil seie at dei ikkje veit kva produkt dei får smake. Vinane er vurderte ut frå faste kriterier: utsjånad, lukt, smak og totalinntrykk.
Økologisk og miljøvenleg = god smak?
To av kartongvinane skiller seg ut. Dei er nemleg økologiske. Det vil seie at dei er laga av druer produsert etter økologiske regler.
I følge dagleg leiar i Debio, Gjermund Stormoen, betyr det at dei er produsert på ein miljøvenleg måte, uten bruk kunstgjødsel og sprøytemiddel. Debio er kontroll- og godkjenningsinnstans for økologiske produkt i Norge. Du kan lese meir om dei her : www.debio.no.
Men korleis klarer dei seg i konkurranse med dei andre vinane i testen, smakar dei like godt?
- Det er med økologisk vin, som med andre produkt. Nokre er bra og andre er dårlege, seier Arnie Stalheim. Dei økologiske pappvinane i testen kom ut sånn midt på treet. Art of Taste har testa fleire økologiske produkt.
Vi har lagt vekt på følgende testkriterier:
-
Utsjånad
-
Lukt
-
smak
-
totalinntrykk
Resultater
|
Lindemans Bin 35 Cabernet Sauvignon 2007 |
|
| 395,- | ||
|
Robertson Cabernet Sauvignon 2006 |
|
| 347,- | ||
|
Dc Black Granite Shiraz 2007 |
|
| 350,- | ||
|
Amigo Amigo |
|
| 229,- |

