Torsdag 20:00 - 20:30
null

Test av espressomaskiner

Vi har testa 50 ulike modellar. Sjå resultatet her.

Testen har dei vurdert kor godt maskinene lagar espresso. Ein perfekt espresso skal lagast på 25 sekunder, den skal vere 30 ml, og ha eit fint og gyldent skum, som blir kalla crema. Norsk kaffeinformasjon har målt traktetid og temperatur, før dei vurderte resultatet i koppen.

Om testen:
 

Stadig fleire nordmenn kjøper seg espressomaskiner, og stadig fleire er villige til å bruke mange tusen kroner på kaffemaskinene. Men tenk deg nøye om før du investerer i eit slikt produkt. Det er rådet fra Norsk kaffeinformasjon.

Tenk over:
- Kor ofte kjem du til å bruke maskinen?
- Kva skal du drikke? Rein espresso eller mjølkebasert kaffe?
- Kor viktig er kapasiteten?
- Ønsker du ei heilautomatisk eller ei manuell maskin?
- Har du lyst til å trene for å få til eit godt resultat?
- Aksepterer du litt kaffesøl på benken?
- Kor mykje tid er du villig til å bruke på reinhald?
- Kor mykje pengar er du villig til å bruke?

For sjølv om kvaliteten på kaffemaskinene er blitt mykje betre dei siste åra, er det fortsatt slik at dei billegaste modellane er dei dårlegaste. Det seier Marit Lynes, fra Norsk kaffeinformasjon.

Likevel: Høg pris er ingen garanti for at resultatet i koppen blir bra.

Norsk kaffeinformasjon har testa til sammen 50 ulike modellar. Det omfatter både heilautomatiske, manuelle og maskiner for pods eller porsjonspakka kaffe. Alle maskinene er testa under like forhold.

I testen har dei vurdert kor godt maskinene lagar espresso. Ein perfekt espresso skal lagast på 25 sekunder, den skal vere 30 ml, og ha eit fint og gyldent skum, som blir kalla crema. Norsk kaffeinformasjon har målt traktetid og temperatur, før dei vurderte resultatet i koppen.

Steamfunksjonen er også vurdert; Kor lang tid bruker maskinene på å lage eit tjukt, fint skum, utan store bobler?

I tillegg har Norsk kaffeinformasjon vurdert kor brukarvenlege maskinene er. Kor enkle er dei å halde reine? Kor enkle er dei å bruke? Bruksanvisninga er også vurdert.

Meir om korleis testen er utført finn du her: www.kaffe.no

Der får du også tips om korleis du lagar ein god espresso.

 

Det enkle er ofte det beste?
I TV 2 hjelper deg har vi valgt å presentere 6 maskiner for pods eller porsjonspakka kaffe. Fordelen med slike maskiner er at dei er enkle å bruke, og at resultatet i koppen blir nokså likt frå gang til gang. Ulempene er at for nokre av maskinene (Nespresso), knytter du deg til ein spesiell kaffeleverandør, eller at du må bruke pods til maskinene. De tre beste produkta har den fordelen at du både kan bruke malt kaffe og pods.

TV2 hjelper deg

Resultater
 © TV 2 Gaggia
Gaggia Baby Twin
5 490,-  
 © TV 2 La Pavoni Espresso
La Pavoni Espresso Eurobar
5 715,-  
 © TV 2 Gaggia
Gaggia New Baby Dose
4 590,-  
 © TV 2 Nespresso
Nespresso Romeo E350
5 999,-  
 © TV 2 Nespresso
Nespresso Consept C190 Plus
2 999,-  
 © TV 2 Francis
Francis Francis X3
4 499,-  
 
 
 
reklame