Test av flatskjermar
Når haustmørket senkar seg og gradestokken kryp nedover, set vi oss godt til rette i sofaen og slår på tven. Og med full fart inn i ein heildigital fjernsynskvardag er det vel fleire av oss som skulle hatt ein litt betre tv? Vi i TV 2 Hjelper Deg har i samarbeid med Teknofil.no testa flatskjermar på 40” og 42”. Samtlege testprodukt er med Full HD og har LCD-skjerm. Prisane er henta frå forskjellige nettbutikkar.
Om testen:
Det siste årets høge rente og med den internasjonale finanskrisa hengjande over oss, skulle ein kanskje tru at salet av elektronikk stupte. Men den gang ei.
– Vi ser at salet av heimeelektronikk går bra, særskilt då heimekinoanlegg , flatskjermar og musikkanlegg. Det kan sjå ut til at når lommeboka vert tynnare, vel folk å oppgradere underhaldningstilbodet heime, i staden for å bruke pengar på å gå ut, fortel Erik Andersen, informasjonssjef i Elektronikkbransjen.
I følgje stiftinga Elektronikkbransjen, som er den største interesseorganisasjonen for leverandørar og forhandlarar av alle typar elektronisk utstyr, fins det 4,7 millionar fjernsynsapparat kring om i norske heimar.
- Av disse er berre om lag 1,8 millionar flatskjermar, så vi reknar med at dei fleste i nær framtid vil velje å skifte ut sin gamle tv med ein ny, flat ein, spår Andersen.
Han trur vårt nye heildigitale tv-tilbod bidreg til at fleire kvittar seg med utdaterte fjernsyn, og får støtte frå Renovasjonsetaten i Oslo.
– Berre i Oslo vert det kasta 100 fjernsyn dagleg, og totalt i Noreg var talet oppe i 265 000 i 2007. Dei siste 3 åra har det vore ei auke på heile 15 prosent i talet på innleverte fjernsyn per år, noko som er svært mykje, seier Øivind Brevik, avdelingsdirektør i Renovasjonsetaten.
Han er heller ikkje i tvil om at mange av fjernsyna som vert levert inn, framleis verkar.
– Når vi får inn fjernsyn her, vert dei utan unntak sendt direkte vidare til resirkulering. Dette er sjølvsagt synd når det er snakk om fjernsyn som fungerer fint, så eg vil oppmode dei som skal kvitte seg med eit velfungerande fjernsyn til å heller gi det til nokon som treng det og vil ha det, seier Brevik.
– Det er heller ikkje dumt å tenke seg om ein ekstra gong før ein kastar den gamle tv’en og kjøper ein ny. Ikkje berre sparar du pengar på å behalde den gamle, du sparar også miljøet.
– Dei nye flatskjermane er langt meir skadelege for miljøet og vanskelegare å resirkulere enn den gamle varianten, kan Brevik opplyse om.
Dersom du likevel har tenkt å kjøpe ny tv, har vi testa ut kva for flatskjerm du bør satse på. Vi har testa 40” o g 42” LCD-skjermar med Full HD, i prisklassen 7000-11000 kroner.
– Dei fleste som kjøper ny flatskjerm vel store, rimelege skjermar på minimum 37” og heilt opp til 50”, fortel Erik Andersen. Og det er fleire ting du bør sjå etter når du skal ut på tv-jakt.
– Med så mykje teknikk vi har i stovene våre no til dags, er det viktig at ein flatskjerm har fleire HDMI-inngangar, i tillegg til at han har god biletkvalitet, seier flatskjermtestar Gisle Orlund i Teknofil.no.
Og det kan løne seg å bruke litt tid på å finne ny tv, for dei verkeleg gode tilboda kjem med jamne mellomrom, og om du då er klar over kva du er ute etter og veit kor mykje du vil betale for det, kan du gjere verkeleg gode kupp.
Vi har lagt vekt på følgende testkriterier:
-
Lyd
-
Bilete
-
Brukarvenlegheit
-
Funksjonar
-
Design
-
Pris
Resultater
|
Sony Bravia KDL-40V4000 |
|
| 8 100,- | ||
|
Samsung LE40A559 |
|
| 7 800,- | ||
|
Samsung LE40A656 |
|
| 10 000,- | ||
|
Philips 42PFL5603D |
|
| 9 000,- | ||
|
Hitachi L42VP01U |
|
| 7 100,- | ||
|
Tatung V42MMFJ-ET2 |
|
| 8 100,- | ||
|
Zepto Pantheon A42 |
|
| 8 700,- | ||
|
Grundig Vision 7 |
|
| 11 000,- |

