Torsdag 20:30

Test av vinterdresser

Årets store laboratorietest av vinterdressar for born avslørte at du ikkje behøver betale dyrt for å få ein god dress.

Om testen:
 
Det er ikkje lite som krevjast av ein vinterdress for born. Skal han halde ute både snø, regn og kulde, må kvaliteten vere på topp. Samstundes vil vi helst ikkje betale så alt for mykje for dressen. «TV 2 hjelper deg» har i samarbeid med Foreldre og Barn testa heile 11 vinterdressar.
 
Årets store laboratorietest av vinterdressar for born avslørte at du ikkje behøver betale dyrt for å få ein god dress.  Kjøper du ein av dei vasstette dressane vi har testa, får du uansett ein god dress, både når det gjeld vasstettheit og vindtettheit. Like gode resultat fekk ikkje dei vassavvisande vinterdressane: lett duskregn kan vere nok til at ungen vert våt gjennom dressen. At dressane held borna tørre er vesentleg for at dei skal halde varmen, og du bør difor tenke deg om ein ekstra gong før du kjøper denne typen vinterdress.
 
Billig og dyrt er like bra
Vår test syner at billige og dyre vinterdressar kan vere like bra. Trass i at kvaliteten på dei vasstette dressane er jamt over god, er ulikskapane i pris store. Her kan du altså spare mykje på å velje ein rimeleg dress.
 
Dressane frå Reima og Coop fekk begge toppscore på kvalitet, men du må betale nesten ein tusenlapp meir for Reimadressen, samalikna med den tilsvarande frå Coop. Den høge prisen gjer at Reimadressen fell på resultatlista, slått av rimelege og gode Coop- og Lindexdressar. Prisen har òg litt å seie på botnen av lista, der Polarn O. Pyret-dressen i utgangspunktet scora godt på kvalitet, men fall til ein nest siste plass grunna høg pris.
 
Jumboplassen fekk Molo sin vinterdress som scora lågast på kvalitet, i tillegg til å vere ein av dei dyraste dressane. Det er likevel verdt å merke seg at Reima- og Molodressane er dei einaste i testen som tåler tørketrommel, medan alle testdressane tåler tørkeskap bortsett frå Reflexdressen.
 
Vasstett eller vassavvisande
Før laboratorietesten vart vinterdressane delt inn i to grupper: Vinterdressar der produsenten oppgir at dei er vasstette, og vinterdressar som er vassavvisande.
 
 
- Testmetoden for dei to gruppene er heilt ulik. Vasstette plagg skal halde vatnet heilt ute, medan vassavvisande vinterdressar ikkje er laga for å skulle vere tørre etter lenger tid i kraftig regn, forklarar Helena Hjätnäs, testansvarleg på testlaboratoriet til Swerea IVF i Sverige.
 
Samtlege av dei vasstette dressane i testen held det dei lovar. Dei vassavvisande dressane klarte derimot ikkje å fylle krava. Berre ein av dei tre vassavvisande dressane vi testa klarte å halde vatnet ute etter å ha vore utsett for lett regn i ti minutt – dressane frå Ellos og KappAhl slapp derimot inn så mykje vatn at bornet risikerer å verte våt sjølv i duskregn. Dersom du likevel vel å kjøpe ein vassavvisande dress, kan det vere lurt å trekke ei gummibukse utanpå for å halde vatnet ute. – Hugs også på at ein vasstett dress alltid er merka vasstett. Dersom dressen derimot ikkje er vasstett, er han som regel ikkje merka i det heile, tipsar Hjätnäs om. 
 
Vinnardressen får du berre kjøpt på Coop Extra. Totalt er dressen å finne på åtte utsalsstadar i Noreg, men kategorisjef Nina Ekbør seier at frå og med neste år vil dressen vere å finne i fleire butikkar kring om i landet.
-  Vi ville helst sendt ut til alle butikkane våre, men vi får ikkje skaffa nok frå Kina, seier Ekbør, som lovar full distribusjon av testvinnardressen frå og med neste haust.
 
Held dressen?

Ein dress som skal vare heile vinteren må tåle å bli godt brukt.

 

Informasjon om kvar du får kjøpe testvinnaren frå Coop finn du her.

TV 2 hjelper deg

Vi har lagt vekt på følgende testkriterier:
 
  • Vasstettheit
  • Vindtettheit
  • Rivestyrke
  • Slitestyrke
  • Pris
Resultater
Vasstette dressar:
Foto: TV 2 hjelper deg © TV 2 hjelper deg COOP
Friends
549,-
Foto: TV 2 hjelper deg © TV 2 hjelper deg Lindex
Fix
699,-
Foto: TV 2 hjelper deg © TV 2 hjelper deg Reima
Rogen
1 399,-
Foto: TV 2 hjelper deg © TV 2 hjelper deg Stormberg
Haggel ProreTex
899,-
Foto: TV 2 hjelper deg © TV 2 hjelper deg Europris
B&G
400,-
Foto: TV 2 hjelper deg © TV 2 hjelper deg Reflex
499,-
Foto: Testfakta.se Polarn O. Pyret
1 195,-
Foto: TV 2 hjelper deg © TV 2 hjelper deg Molo
Polaris
1 195,-
Vassavvisande dressar:
Foto: Testfakta.se H&M
398,-
Foto: Testfakta.se Ellos
499,-
Foto: Testfakta.se Kappahl
WeKids
499,-
 
 
 
reklame