Torsdag 20:00 - 20:30

Drilltest

Om testen:
 

– Dersom service hadde vore eit kriterium i denne testen, ville nok Bosch klatra lenger opp på lista enn ein 7.plass, påstår Otto Robsahm. Ikkje alle resultata vart som vår drillekspert Robsahm hadde forventa. Men både vinnar og tapar var klar på denne resultatlista.

Heilt sidan oktober har Robsahm vore i full aktivitet med å teste 11 proffdrillar på 14,4 volt, 2 proffdrillar på 10,8 volt, 8 amatørdrillar på 14,4 volt og 3 amatørdrillar på 10,8 volt. Han har skrudd nesten 20 000 skruar, og testa alle drillane på alle kriteria fleire gonger. Falltesten vart gjort heile fem gonger på kvar drill! I proffklassen er ikkje pris rekna inn som eit kriterium, men her er store skilnader, så pass opp – ikkje betal blodpris for ein middels god drill! Alle prisane er vegleiande butikkprisar levert frå leverandør.

I tillegg kan det vere lurt å passe på kva type batteri som er i drillen du kjøper. Dei mest vanlege batteria no er litiumbatteri. Disse er slitesterke, tåler godt kulde og vert betre etter kvart som dei blir brukt. Om du vel å gå til innkjøp av testvinnaren, kan du også rekne med å ha denne i ekstra lang tid, då det er enkelt å skifte defekte eller slitte delar. Dette kan vere eit problem på fleire av drillane, så pass på!

I proffklassen (14,4 volt) vert drillane lada opp på alt frå 20 til 80 minutt, og dei beste drillane skrudde over 800 skruar i gips og kring 170 skruar på 6x90mm i tre før batteriet var tomt. Prisen strakk seg frå 3086,- til 8175,-, men her er det mogleg å gjere gode kjøp dersom du leitar litt etter tilbod og kampanjar.


 

TV 2 hjelper deg

Vi har lagt vekt på følgende testkriterier:
 
  • Falltest
  • Vekt
  • Grep/balanse
  • Antal batteri
  • Batterilevetid
  • Ladetid
Resultater
 © TV 2 hjelper deg Hitachi
DS14DSL
3 610,-  
 © TV 2 hjelper deg Panasonic
EY7440
3 625,-  
 © TV 2 hjelper deg Makita
BDF 440
3 738,-  
 © TV 2 hjelper deg Dewalt
DC732
3 499,-  
 © TV 2 hjelper deg Festool
T15+3 Li 2,6 plus
7 462,-  
 © TV 2 hjelper deg Hilti
SF 144-A
8 175,-  
 © TV 2 hjelper deg Bosch
GSR 14,4 V-Li
3 247,-  
 © TV 2 hjelper deg Milwaukee
PDD 14,4 x
3 238,-  
 © TV 2 hjelper deg AEG
BS14 X-R
3 113,-  
 © TV 2 hjelper deg Metabo
BSZ 14,4 Impuls
3 086,-  
 © TV 2 hjelper deg Fein
ABS 14
4 349,-  
 
 
 
reklame