Test av speilreflekskamera
Med speilreflekskamera får du gode bilete og fleire moglegheiter
Om testen:
Det er allereie fleire veker sidan årets sal av speilreflekskamera passerte heile fjorårets. I Noreg kjøper vi fotoapparat som aldri før, og fleire og fleire av oss vel å leggje pengane i eit speilreflekskamera.
Det ser heller ikkje ut til at finanskrisa set bremser på fotofesten, men heller at vi prioriterar dei nære ting – som fotografering – når lommeboka vert tynnare. dinside.no sin kameraekspert, Pål Joakim Olsen, har no gjennomført ein test av fem pakkeløysingar med kamerahus og objektiv.
– Det vi først og fremst har kome fram til i denne testen, er at kvart speilreflekskamera har sine eigne unike eigenskapar som kan passe for nokon, men ikkje for alle. Dermed vert det viktig at ein som kunde finn ut kva ein vektlegg og har behov for, og vel kamera ut frå det, tipsar Olsen.
- Eit speilreflekskamera tek betre bilete enn eit kompaktkamera, det er det ingen tvil om, slår kameraekspert Pål Joakim Olsen i dinside fast.
– I tillegg til gode bilete, har du fleire moglegheiter. Du kan setje på ekstern blits, du kan sette på andre objektiv og ta bilete både frå svært kort og svært lang avstand. Dette der det ut til at fleire og fleire nordmenn har innsett.
Les mer om speilreflekskameratesten her.
Benedicte F Waaler i IKT-Norge stadfester dette og kan opplyse om at salet av speilreflekskamera i prosent av det totale kamerasalet er betydeleg høgare i Noreg enn i våre skandinaviske naboland – faktisk så mykje som 50 prosent høgare. Det er no gode pakkeløysingar for speilreflekskamera ute på marknaden, der du får kamerahus og eitt objektiv til ein rimeleg pris.
– Apparata er langt betre enn berre for nokre få år sidan, og med dei pakkane og prisane du får på marknaden no, er nok dette verkeleg eit godt tidspunkt for å kjøpe speilreflekskamera, meiner Olsen.
Dersom du lurer på korleis du skal få litt finare julebilete i år, har fotograf Jan Robert Williamsen følgjande tips:
- Finn ein roleg bakgrunn som ikkje tek for mykje merksemd. Ei gardin med eit juletre på sida, eller nokre nissar i framgrunnen kan vere fint. Prøv deg litt fram og sjå i kamera kva som vert fint.
- Naturleg lys gir som regel den stemninga du ser, men er det lite lys kan du få mykje støy i biletet. Dersom du då vel å lyse opp med blits, er det viktig å vinkle blitsen i taket eller veggen for å unngå hardt, kaldt lys rett på motivet.
- La den eller dei du skal ta bilete av sjå rett i kamera for å justere fokus etter auga på vedkomande. Dette gjer du ved å zoome inn på auga (så nær du kjem), for så å stille skarpt, og deretter zoome ut att.
- Prøv å få den/dei du tek bilete av til å slappe av, og hjelp dei å finne ei god og naturleg stilling. Mykje kan gjerast med små justeringar.
- Sjå på biletet du har teke, og vurder om du bør gjere justeringar på lys eller bakgrunn. Med digital teknologi kan du ta så mange bilete du vil, så knips i vei heilt til du er nøgd!
Vi har lagt vekt på følgende testkriterier:
-
Biletkvalitet
-
Brukarvenleik
-
Yting
-
Funksjonar
-
Konstruksjon
-
Pris
Resultater
|
Canon EOS 450D |
|
| 5 000,- | ||
|
Nikon D 60 |
|
| 4 200,- | ||
|
Olympus E-520 |
|
| 4 200,- | ||
|
Pentax K200D |
|
| 4 000,- | ||
|
Sony Alpha A350 |
|
| 6 000,- |
Canon EOS 450D

