Årets sykkeltest
Fuglane kvitrar og sola skin på ein tørr asfalt. Det er på tide å ta ein sykkeltur. Kva er vel då betre enn ein funklande ny sykkel å trakke avgarde på?
Om testen:
- No er utvalet stort og du kan få akkurat den sykkelen du ynskjer deg, fortel Svein Fagervold i Syklistenes Landsforening
For tida er absolutt komen for å finne fram den gamle sykkelen – eller kjøpe ein ny. For dei av oss som ikkje har behov for den aller dyraste sykkelen, men som treng eit praktisk og miljøvenleg alternativ for å kome oss på jobb, er ein kvardagssykkel med fullt utstyr den beste investeringa.
Syklistenes Landsforening og bladet «På Sykkel» har gjennomført ein test av heile fem slike kvardagssyklar, og vil hjelpe deg i sykkeljungelen.
– Vi har brukt syklane over ei lenger periode, og vurdert dei nøye opp mot kriteria, fortel Fagervold.
Han påpeiker òg at det ikkje hjelp å ha ein dyr, fin sykkel dersom du ikkje tek vare på den.
– Det er viktig å smøre kjede, vaierføringar og gir, i tillegg til at du bør passe på å ha rett lufttrykk i dekket. Og dersom du lurer på kva som er rett lufttrykk, så står det på sida av dekket.
Fleire sykkeltips og meir om testen finn du på syklistene.no/
God sykkelsesong!
Vi har lagt vekt på følgende testkriterier:
-
Sykkelglede
-
Utstyr
-
Vekt
-
Pris
Resultater
|
Diamant Black Orlov Comp |
|
| 4 999,- | ||
|
Giant CRS 3 City |
|
| 5 750,- | ||
|
Everest Sherpa |
|
| 5 999,- | ||
|
DBS Street 744 |
|
| 6 599,- | ||
|
Nakamura Fusion Horizon |
|
| 3 499,- |

