Torsdag 20:30

Drilltest

- Dette her kan knapt kallast ein drill!

Om testen:
 

- To av desse drillane kan knapt kallast drillar. Dette er berre skrap, tordnar ein frustrert Otto Robsahm etter å ha testa åtte amatørdrillar på 14,4 volt.

Desse drillane er verkty for oss som har drillen liggjande innerst i skapet og nyttar han når ei ny hylle skal hengast opp, eller til mindre oppussingsarbeid. Det har synt seg eit enormt spenn i drillane, og her ser det ut til at kvalitet heng tett saman med pris. – Det er verken økonomisk eller miljøvenleg å kaste drillen etter kvar gong du har skrudd opp ei hylle, slår Robsahm fast, og vonar hobbysnikkarar vel å betale litt ekstra for å få ein drill som kan nyttast i mange år og då framleis gjer jobben. Hugs også på at hjå dei fleste drillane vert batteriet betre etterkvart som dei vert brukt.

– Testvinnaren er soleklar og er eit meget godt kjøp, avsluttar Robsahm. Likevel er det viktig å tenkje over kva du skal bruke drillen til, kor ofte du bruker han og kva funksjonar du har størst behov for, før du vel kva for drill du vil satse på.

Heilt sidan oktober har Robsahm vore i full aktivitet med å teste 11 proffdrillar på 14,4 volt, 2 proffdrillar på 10,8 volt, 8 amatørdrillar på 14,4 volt og 3 amatørdrillar på 10,8 volt. Han har skrudd meir enn 19 000 skruar, og testa alt minst to gonger.

I amatørklassen (14,4 volt) vert drillane fullada på alt frå ein time til nesten fem timar, og den beste drillen skrudde over 200 skruar før batteriet var tomt.

Prisen strakk seg frå 249,- til 1398,-. Dette er vegleiande butikkprisar henta frå leverandørane, så her er det mogleg å gjere gode kjøp dersom du leitar litt etter tilbod og kampanjar ute i butikkane.



 

Vi har lagt vekt på følgende testkriterier:
 
  • Vekt
  • Grep/balanse
  • Antal batteri
  • Batterilevetid
  • Ladetid
  • Pris
Resultater
 © TV 2 hjelper deg Bosch
PSR 14,4 Li
1 398,-  
 © TV 2 hjelper deg Ryobi
CHD-1442
1 364,-  
 © TV 2 hjelper deg Black&Decker
CP14LN
1 199,-  
 © TV 2 hjelper deg Black&Decker
EPC14
699,-  
 © TV 2 hjelper deg Einhell
RT-CD14,4 Li
1 180,-  
 © TV 2 hjelper deg Cotech
HC-DT 17
298,-  
 © TV 2 hjelper deg TeQ
CDD10177T8
249,-  
 © TV 2 hjelper deg Skil
2411
549,-  
 
 
 
reklame