Stressa gulrøtter!
Lurer du på kvifor gulrøttene dei seinare åra blir pakka inn i dobbel dose plast, både plastkurv og plastepose? Det hindrer stressa gulrøtter!
- Gulrøtter kan akkurat som mennesker bli stressa, forklarer kvalitetssjef i
BAMA, Jens Strøm. Grønnsaken toler nemleg ikkje så godt støt og slag som
lett kan oppstå under frakt. Då blir dei stressa og utviklar eit stoff som
gjer at dei får ein kjemisk smak. Dette er årsaka til at BAMA no har lagt
gulrøttene i eit plastbeger i tillegg til plastpose.
Også anna frukt og grønt har dei seinare åra fått meir emballasje på seg i butikken.
Epler og pærer blir lagt i papp og plast, chili og paprika blir pakka i plast, ja til og med bananane blir lagt i plastposar. Dermed aukar også plastavfallet i mengde og ikkje minst volum. Kan det vere miljøvenleg?
Ja, meiner bransjen sjølv. Forklaringa deira er at frukt og grønt er ferskvarer som inneheld store deler vatn. - Emballasje skal beskytte produktet under transport og i butikken og på den måten hindrar det svinn, forklarer Jens Strøm som er kvalitetssjef i BAMA.
Han får støtte frå Bellona.
Styreleiar i Bellona Olaf Brastad seier at emballasjen kan vere med på å hindre at frukt og grønt blir kasta. Det er bra for miljøet for klimabelastninga ved at dyrka mat blir kasta er langt større enn belastninga ved emballasjen.
Naturvernforbundet er ikkje enig. Leiar Lars Haltbrekken slår fast at det trengs 2 kg olje for å produsere ein kilo plast. Derfor er det viktig å redusere bruken av unødvendig emballasje. Haltbrekken meiner dobbelt opp med plast på f. eks. gulrøtter er eit godt døme på unødvendig emballasje.
Bama forsvarer likevel at stadig fleire produkt blir ferdigpakka. I tillegg til å redusere svinnet, meiner BAMA at det betrar hygienen ved at færre mennesker tar på produkta. Eit stadig aukande mangfold av for eksempel tomatar krev at dei er merka slik at kunden betalar riktig pris.
Dessutan må økologiske produkt emballerast slik at dei er tydelig skilt frå konvensjonelt dyrka grønnsaker.
Se TV 2 hjelper deg hver torsdag kl.20.30.
| Publisert | 18.03.2010 20.13 |
| Oppdatert | 18.03.2010 20.13 |


