Stor test av pappvin
Vi har blindtesta 76 pappvinar. Her er dei beste og den verste!
Pappvin er veldig populært hos nordmenn. Over halvparten av all vin frå Vinmonopolet i fjor er i papp. Klikk.no har fått sine vineksperter til å blindteste heile 76 ulike pappvinar. Testpanelet består av Ørjan Lundmark og Robert Lie. Begge er norgesmester for vinkelnarar og Robert Lie er også nordisk- og europamester.
Dc Black Granite Shiraz
Kr 345, 3 liter, 83 poeng
Her får du ein kraftig vin som passar godt til kjøttrettar. Mørk rød på farge. Rein duft av lær, røyk, blåbær og solbær. Den er fruktig med undertonar av krydder, og har god fylde og middels syre.
© Petter Berg/HM Foto
Astica Bonarda
kr 297,50, 3 liter, 83 poeng
Ein saftig og fruktig drikkevin, i følge testpanelet. Mørk rød på farge. Duft av vanilje, bjørnebær, solbær og krydder. Saftige tanniner, middels fylde og god syre.
© Petter Berg/HM Foto
Mcpherson Shiraz,
kr 328,10, 3 liter, 83 poeng
Dette er ein stram og syrleg vin som passar godt til fugl og kalv. Mørk rød på farge. Duft av vanilje, tobakk, krydder, solbær, bjørnebær og røde bær. Markerte tanninar, god fylde og høg syre.
© Petter Berg/HM Foto
STYR UNNA:
Monterio Tempranillo
Kr 199,90, 2 liter, 61 poeng
© Petter Berg/HM Foto
Denne vinen er ikkje god. Ekstremt ubalansert og urein. Mørk rød på farge. Duft av nype, kaffe, alkohol og vanilje. Markerte tanniner, lite fylde og lite syre.
Alle dei 76 vinane i testen finner du hos Klikk.no.
| Publisert | 02.04.2009 20.32 |
| Oppdatert | 16.04.2009 09.05 |


