Unngå alle hagemøbler av tropisk trevirke. Det er det klare rådet frå Regnskogfondet.

Les også: Er dette nye iPhone 4G?

Les også: Lånte brorens bil til Sverige. Nå krever staten Nashat for 160.000

Les også: IKEA fotfølger kunder i hemmelighet

Les også: - I verste fall kunne datteren min mistet livet

Kvart år sjekkar Regnskogfondet årets utval av hagemøblar. Sjølv om salet av hagemøblar av tropisk tømmer har gått ned, er det framleis nokre som selger tropiske tresortar.

Regnskogfondet er særleg kritiske til Living, seier Nils Hermann Ranum som er avdelingsleiar i policy og kampanje i Regnskogfondet.

-I tillegg til at Living sel fleire type møblar av tropisk trevirke, har dei som den einaste av dei store landsdekkande kjedane vore svært motvillige til å informere oss om kva slags hagemøblar dei sel, seier Ranum.

Administrerande direktør i Living, Øivind Tidemandsen, avviser kritikken frå Regnskogfondet. Tidemandsen seier at dei kvart år har rapportert til fondet og at det er ein glipp at det skjedde så seint i år. Tidemandsen seier også at møblar med innslag av tropisk tre utgjer ein svært liten del av Living sin totale omsetning av hagemøblar.

Men Living er ikkje åleine.

Her Regnskogfondet si liste over forhandlarar som sel hagemøblar av tropisk tre:

Albert Bøe: har hagemøblar laget merbau/kwila

Ballerud hagesenter: reklamerer for teak, har kanskje andre tropiske tresortar. Har ikkje svart på Regnskogfondet si undersøking.

Bauhaus: Har produkt av tropisk tre, men vil ikkje gi informasjon om treslag eller opprinnelsesland.

Biltema: selger balkongsett av akasie.

Clas Ohlsson: har møbler og treheller av akasie.

Classic møbler: har møbler og teak av akasie.

Coop: har ikkje kjøpt inn produkt av tropisk tømmer i år, men kan ha nokre akasie-produkt frå i fjor.

Hageland: skal ikkje ha tropisk tre i kjedesortimentet, men nokre butikkar kan ha restar frå tidlegare år.

Home & Cottage: reklamerer for hagesett av kvitmalt mahogni. Vil ikkje gi opplysningar om andre produkt.

Hødnebø: har produkt av eukalyptus og teak.

IKEA: har produkt av akasie og eukalyptus.

Indo tre: Har mange produkt av tropisk tømmer, særleg teak og merbau.

Jula: har produkt av akasie

Jysk: har produkt av eukalyptus og teak.

Living: har produkt av teak, akasie og mahogni.

Plantasjen: har produkt av teak, akasie og eukalyptus

Smart Club: har ei møbelgruppe av kvitmalt akasie.

Du kan ikkje stole på miljømerkinga

Fleire kjedar sel møblar av tropisk tre som er miljøsertifiserte. Regnskogfondet meiner at ingen av desse er til å stole på. Til og med den mest kjende merkeordninga, FSC, er det grunn til å styre unna, dersom du vil vere heilt trygg, seier Ranum. Regnskogfondet meiner at FSC har sertifisert selskap som driv med ulovleg eller miljøydeleggande tømmerhogst.

Jysk er ein av kjedane som sel FSC-godkjente møblar. Dei avviser kritikken frå Regnskogfondet.

Dagleg leiar i Jysk, John Thomasgaard seier at WWF og Greenpeace står bak FSC-godkjenninga og viser til at 70-75 prosent av Jysk sine hagemøblar i år er FSC-godkjente.

Her kan du trygt handle!

Desse kan du trygt handle hos, slår Regnskogfondet fast:

Bohus

Byggmakker

Bygger’n

Maxbo

Montér

Skeidar: Har ikkje tropisk tre i årets kolleksjon, men nokre butikkar kan ha restar frå tidlegare år.

Unngå desse treslaga

Tømmerhogst er ei av dei viktigaste årsakene til at regnskogen forsvinner. Skogen er utsett for eit voldsomt press frå ein stadig veksande plantasjeindustri som forsyner vesten med billeg ”hardwood”.

Den dramatiske avskoginga øydelegger livsgrunnlaget til millionar av mennesker, og utgjer ein alvorleg trussel mot naturmangfaldet. I tillegg står avskoginga i tropene for 15-20 prosent av dei menneskeskapte klimagassutsleppa, og er ei av dei viktigaste årsakene til globale klimaendringar.

Husk at utvalet av tre varierer frå butikk til butikk. Regnskogfondet har heller ikkje oversikt over alle som sel hagemøblar i Norge. Dei vanlegaste treslaga du bør unngå er:

Teak

Mahogni, også kvitmalt

Akasie, også kvitmalt

Eukalyptus , også kvitmalt

Hardwood/hardtre, samlebetegnelse som ofte brukes om tropisk trevirke.

Meranti/Shorea/balau

Nyatoh, også kvitmalt.

Merbau/kwila.

Hos www.regnskog.no finn du fleire arter du bør styre unna.

Trenger du vår hjelp i en forbrukersak? Tips TV 2 hjelper deg.

Følg oss på Facebook! Klikk her.