Torsdag 20:30

- NSB bryter loven

Må fjerne gebyret eller bytte ut automatane.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

På heile 53 av NSB sine stasjonar er billettautomatar som ikkje tek setlar einaste måte å få kjøpt billett på. Det betyr at reisande som kun har setlar ikkje får kjøpt billettar på stasjonen før avreise.

- NSB har gjort ei grundig vurdering når det gjeld sal av våre billettar, og vi meiner vi her held oss innanfor lova, seier Kommunikasjonsdirektør Anne Haabeth Rygg i NSB.

Les også: - NSB driver med togrøveri

- I strid med norsk lov
Disse må dermed kjøpe billett på toget og betale eit tilleggsgebyr på 20 kroner - til tross for at dei hadde pengar til å kjøpe billett på førehand.

- Dette er klart i strid med norsk lov, og er på kanten til å vere eit moderne togrøveri, slår professor i offentleg rett ved Universitetet i Oslo, Henning Jakhelln, fast.

- Når kundar syner betalingsevne og betalingsvilje, skal dei ikkje bli straffa med gebyr om bord på toget, seier Jakhelln. - Tek ikkje automatane setlar er det NSB sitt problem - ikkje kunden, forset den rysta professoren. Han syner til Sentralbanklova når han kallar NSB lovbrytarar, i tillegg til ei vurdering Justisdepartementet tidlegare har gjort av lovverket. - Betalaren har rett til å betale med både setlar og mynt, dette må NSB ta alvorleg, seier Jakhelln.

- Skyve vekk kundane
TV 2 hjelper deg har blitt kontakta av fleire frustrerte NSB-kundar som klagar over at automatane ikkje tek setlar og føler seg urettferdig behandla når dei av den grunn må betale gebyr på toget. Dette har Jakhelln stor forståing for.

- Det einaste NSB oppnår ved dette er å skyve vekk kundane, og det er leit at eit så stort konsern syner så lite kundevenleik.

NSB-kunde Bente Forberg er blant fleire som gjentekne gonger har opplevd at billettautomaten ikkje vil lese bankkortet hennar, og at ho har hatt for lite mynt til å betale billetten.

- Det er enormt irriterande å måtte betale ekstra for billetten om bord på toget når eg faktisk har prøvd å kjøpe billett på førehand, seier Forberg. Ho har fleire gonger hamna i diskusjonar med konduktøren grunna dette gebyret som ho finn svært urettferdig.

- Konduktørane tek stort sett alltid dette gebyret, trass i at dei har sett at eg har prøvd å betale, fortel ho oppgitt. Også NSB-kunde Siw Iren Garli Holton er oppgitt over automatane.

- Sonen min på 15 år har ikkje bankkort, og får dermed ikkje kjøpt billett på disse automatane. Når han skal på ei litt lenger togreise må han nemleg betale fleire hundre kroner i mynt, og det er jo enormt tungvint, fortel Holton. - Dermed har han altså betalt 20 kroner i gebyr mest kvar gong han reiser med toget.

- Dette kan løysast svært enkelt
Heller ikkje Forbrukarrådet synes NSB her er særskilt forbrukarvenlege. - Her meiner vi at NSB anten må skifte ut alle dei aktuelle automatane slik det går an å betale med setlar, eller så bør NSB kutte ombordstigingstillegget, seier Ragnhild Olin Amdam i Forbrukarrådet. Ho får her støtte av Henning Jakhelln.

- Dette kan løysast svært enkelt ved at NSB kuttar gebyret, det er ikkje verre, slår Jakhelln fast.

Kommunikasjonsdirektør Anne Haabeth Rygg ser ikkje noko problem med at kundane ikkje kan betale med setlar på NSB sine ubetente stasjonar.

- Ser dermed ingen grunn til å endre
- NSB har gjort ei grundig vurdering når det gjeld sal av våre billettar, og vi meiner vi her held oss innanfor lova. Vi ser dermed ingen grunn til å endre den praksisen, slår Rygg fast.

Ho påpeikar også at Samferdselsdepartementet har godkjent innføringa av billettgebyret på toget, men då TV 2 hjelper deg kontakta Samferdselsdepartementet kunne dei fortelje at dei ikkje hadde sett på det juridiske i samband med betalingsforma på automatane, og at dei dermed ikkje kunne gi noko klart svar på om NSB her bryt lova eller ikkje.

- Dette skal vi ta oss tid til å sjå nærare på, lova statssekretær Erik Lahnstein, og understreka at han absolutt tek utspela til Jahelln på alvor. - Det er klart at NSB må følgje lovverket, og dersom det syner seg at denne praksisen er i strid med lova, vil vi i Samferdselsdepartementet sjølvsagt sjå til at det vert ordna opp i.

Årsaka til at automatane ikkje tek setlar, er i følgje Rygg frykt for ran og hærverk. Denne forklaringa er ikkje NSB-kundane Holton og Forberg nøgde med. - 200 kroner er like mykje verdt uansett om du får dei i setlar eller i mynt, ler Holton, og lurer på om kanskje NSB trur norske tjuvar er litt late sidan dei ikkje orkar bære med seg mynt.

Les også:
Stor test av pappvin
Stor test av pappvin

Vi har blindtesta 76 pappvinar. Her er dei beste og den verste!

- NSB diskriminerer
- NSB diskriminerer

NSB diskriminerer svaksynte og blinde, ifølge Forbrukerrapporten.

Vi har testet taco!
Vi har testet taco!

- Advarer mot steamdusj-cowboyer
- Advarer mot steamdusj-cowboyer

Billige og brannfarlige boblekar importeres til Norge. TV 2 hjelper deg avslører at mange av de populære badene ikke blir sikkerhetstestet.

 
Comments powered by Disqus

Get Adobe Flash player
reklame