Tatt i 154 km/t - mener selv han kjørte fortere
Denne råkjøreren er ikke som råkjørere flest...
Det gjekk litt vel raskt for mannen som råkøyrde gjennom Fodnes-tunnelen for å nå ferja frå Fodnes til Mannheller. Fotoboksen blinka idet austlendingen i 30- åra køyrde forbi i 154 km/t i 80- sona. Det skriv Firda.
Mannen sjølv hevdar at han køyrde endå raskare enn dette; speedometeret viste nemleg 160 km/t, meiner han.
Ikke imponert
Men Sogn tingrett let seg ikkje imponere og meinte dette var skjerpande sidan mannen trudde farten faktisk var endå høgre enn det som var lovleg.
I tillegg hadde mannen ein passasjer med i bilen, noko retten heller ikkje ser formildande på. Men at tiltalte tilstod saka, meiner dei derimot tel positivt.
I Sogn tingrett blei mannen dømd til fengsel i 21 dagar. Han må også greie seg utan lappen i 22 månader og må ta ny førarprøve etter den tid.

| Publisert | 13.10.2010 08.57 |
| Oppdatert | 13.10.2010 08.57 |





