Nekter å betale fartsbot på bokmål
Dobbel skuffelse da Knut fikk sin første bot på 25 år.
Knut P. Bøyum i Fjærland fekk i sommar si første fartsbot.
Etter 25 år som trafikant. Men då førelegget kom i posten, var det skrive på bokmål. Det skriver firda.no.
Hard på gassen
– Då var det ikkje nokon hugnad lenger, seier ein djupt vonbroten nynorskfanatikar i Fjærland.
10. juli var han på Vikingrock i Gudvangen. På veg heime att har han trakka litt hardt på gasspedalen, truleg oppglødd av god vikingrock, forklarar han. I alle fall må han ha køyrt i 90 kilometer i timen i 80-sona i den automatiske trafikkontrollen, utan å registrere noko blitzlys.
Knapt ein månads tid etter fekk han varsel om at han var teken i kontroll.
Forventning
– Når du etter 25 år endeleg får ei trafikkbot og melding om at du vil få tilsendt eit forenkla førelegg, så stig forventningane. Så eg gjekk der og venta på postdama. Men då eg opna konvolutten med bankande hjarte og skjelvande hender, står det bokmålsord som «overtredelse, siktede, kjørt, ilegges og forenklet forelegg».
– Magien var borte og heile høgtida øydelagd, seier Bøyum som vart ilagd ei bod på 1600 kroner, subsidiært tre dagars fengsel.
Førelegget var utskrive av Politiets ATK-senter for Sogn og Fjordane politidistrikt.
- Følte ho flein av meg
– Det var då eg begynte å lure. Politiet er eit offentleg tiltak, og det går ikkje an å handsame ein lovbrytar på denne måten. Vi har visse rettar, og ein av dei er at vi skal tilskrivast på riktig målform.
Han ringde sakshandsamaren og klaga si naud, der han forklarte at ein stor dag plutseleg var gjort liten.
– Dama var hyggjeleg og høfleg, men eg følte at ho sat og flein av meg mens eg forklarte korleis eg hadde det. Men problemet skulle enkelt la seg ordne, eg ville få nytt skriv på nynorsk om to dagar.
Bør vere unødvendig
Det stemte, og denne gongen var det straks meir høgtid. No kan eg godt skrive under at «sikta vedtek førelegget». Eg skal sende svaret i dag, i vedlagt konvolutt, seier Bøyum.
– Det einaste eg kan klage på, er at forbrytaren er busett i Norge og ikkje i Noreg, men det kan eg leve med, legg han til.
Derimot tykkjer han alle skriv til innbyggjarar i nynorskfylket Sogn og Fjordane bør komme på nynorsk. Sidemål får dei halde seg med austpå, meiner han.
– Det burde ikkje vere nødvendig å måtte mase på offentlege etatar om dette. Eg trudde Jens Brekke hadde berga det meste, men han har tydelegvis ikkje køyrt for fort, seier Bøyum.

| Publisert | 24.08.2010 13.32 |
| Oppdatert | 24.08.2010 13.32 |





