Måtte velge bil til 250.000 - på ett minutt

Are vant loddtekningen - se hva han bestemte seg for.

Are Hundvebakke berre sekund etter at han vann ein splitter ny bil. Bilmessa biletten kosta 50 kroner. Ikkje verst å få ein 250.000 kroners bil til den summen.   (Foto: Karin Flølo, firda.no/ANB)
Are Hundvebakke berre sekund etter at han vann ein splitter ny bil. Bilmessa biletten kosta 50 kroner. Ikkje verst å få ein 250.000 kroners bil til den summen. (Foto: Karin Flølo, firda.no/ANB)

Den heldige vinnar er...Are Hundvebakke (19) frå Førde!

Det er Bilmesse i Førde. Arrangørane har stilt kvar sin splitter nye bil ut til loddtrekning. Det er éin vinnar, men ni bilar å velje mellom, skriv firda.no.

Sjokka

– Dette hadde eg aldri forventa. Sjokkerande, sa Hundvebakke til firda.no laurdag ettermiddag. Det hadde berre gått minutt sidan han vann bilen.

Like etter vart han «overfalle» av venner som ville gratulere.

19-åringen har ein Toyota frå før. Men seier ikkje nei takk til ein bil ekstra.

– Eg skal nok selje den, fortalde han.

Tulla med av Alex Rosén

Frå då han vart trekt ut, hadde han tre minutt på seg til å velje ut ein bil frå toppen av ein krane – saman med sjølvaste Alex Rosén.

- Kva bilar er det då, kan nokon heise meg ned så eg får sjå ... nei? Gløymde å sjekke før eg vart trekt ut, spurde Are Hundvebakke TV-kjendisen og stand up-komikaren.

Klokka tikka, mens komikaren prøvde å gjere det han kunne for å stresse Hundvebakke.

- Klarer du ikkje bestemme deg, trekk vi ut ein ny....humra Rosén.

- Dette er j..... vanskeleg, ropa 19-åringen i gledesrus, og legg til: – Veit du ingenting om bilane???? til Alex Rosén, som berre hadde tullete og humoristiske svar å komme med til bilspørsmåla.

Mitsubishi er tingen

Her er bilen! (Foto: Karin Flølo, firda.no/ANB)
Her er bilen! (Foto: Karin Flølo, firda.no/ANB)

Hundvebakke vart omsider heisa ned, og fekk eitt minutt på seg til å velje ut ein bil.

– Mitsubishi, ropa han midt inn i mellom tusenvis av tilskodarar i Førde sentrum.

Bilen har ein verdi på 250.000 kroner. Fleire tusen menneske hadde løyst ut billett til Bilmessa. Alle var med i trekninga av ein bil.

Del med Facebook-vennene dine

Du kan lese mer om bil og trafikk på firda.no - her:

... mens Kristine vant en Toyota i Broom-konkurransen. Les mer her: