Fikk bomregning 450 kilometer hjemmefra
Men brannbilen har knapt vært utenfor kommunens grenser.
Denne brannbilen med registreringsnummer DK 32504 frå Førde skal ha passert bomstasjonen ved Løvås på E18 ved Sande i Vestfold fredag 4. november.
Og passeringa skal ha skjedd ulovleg, melder firda.no.
Iallfall om vi skal tru eit krav på 330 kroner som Førde kommune har motteke frå Statens vegvesen, Region Sør v/E18 Vestfold AS.
Står på brannstasjonen
- Bilen har ikkje vore på tur og passert Løvås bomstasjonen denne fredagen. Det garanterer eg, seier Bernhard Øberg, leiar for brann og redning i Førde kommune.
Bilen er til dagleg stasjonert ved brannstasjonen i Førde, og har knapt vore utanfor kommunen sine grenser dei siste åra.
Bomstasjonen Løvås i Vestfold ligg ikkje mindre enn 450 kilometer frå brannstasjonen i Førde i Sogn og Fjordane.
Øberg har klaga på grunnlaget for fakturabeløpet på 330 kroner, og ventar no i spenning på sjå foto frå passeringa som han skal få oversendt.
God sak
Bilen, ein Mercedes 2001-modell, gjekk som ambulanse i Tromsø, før Førde kjøpte den for fire-fem år sidan, bygde den om og tok den i bruk som redningsbil.
Øberg anar ikkje korleis forvekslinga har skjedd, om nokon kanskje har kopiert skiltet. Uansett reknar han med å ha ei god sak.
Les flere bil- og motorsaker i Firdas motormagasin her

| Publisert | 26.12.2011 13.15 |
| Oppdatert | 26.12.2011 13.15 |




