annonse
Laster inn forumet...
Laster biltester...

Den gamle BMW-en til Odd Rune Turvoll dukka opp på Finn.no. No er den 17 år gamle BMW’en i dagleg bruk i Vik.

– Den har gått utruleg langt, elles er bilen i teknisk bra stand. Motor og drivverk funkar upåklageleg, minuset er litt rust her og der, seier Odd Rune Turvoll til Sogn Avis.

Modellen er BMW 540 og motorvolumet er på fire liter.

– Bilen er eigentleg eit miljøsvin. Men den er faktisk nede i 0,9 liter på mila på langkøyring, snittet ligg på 1,2, seier Turvoll.

Del med dine Facebook-venner

Oppdaga tilfeldig

Ein advokat i Harstad var første kjøpar i 1994. I 2002 var Turvoll den tredje i rekkja med eigarar. Kilometerstanden den gongen var 150.000 kilometer, Turvoll tok ut 70.000 kilometer og kvitta seg med flaggskipet i 2006. Til ein trøndar. Som selde den til ein fyr i Oslo.

– Eg oppdaga gamlebilen heilt tilfeldigvis. Eg surfa på nettet i ei ledig kveldsstund og kikka på bilar, seier Turvoll som tok kontakt med eigaren på Klepp i Rogaland.

– Alderen er litt synleg, nett som med eigaren, seier Turvoll om den spesielle handelen. At gamlebilen blir kjøpt tilbake 5 år seinare.

– Handlar det om litt nostalgi?

– Absolutt.

Hobbymekking

Ny garasje er snart i boks i Tillichgarden nokre hundremeter frå Vikøyri, dermed blir det rikeleg med tumleplass til bilmekking.

Gamlebilen blir hobby og skal fiksast til prikkfritt beist med 283 hestekrefter under panseret.

– Han blir nok verande her i bygda. For oss med bilinteresse over snittet er denne typen bil litt spesielt. Åtte sylindrar er noko ekstra. Dessutan er det ikkje så mange att av akkurat denne typen, seier Odd Rune Turvoll som også har ein BMW 530 diesel frå 2002.

Les flere bil- og motorsaker i Sogn Avis sitt motormagasin her

Har du planer om å kjøpe denne typen BMW? Da bør du vite dette: