Vert Mugly verdas styggaste hund?
Britane har gode forhåpningar om å ta tittelen heim igjen.
– Dette er flotte hundar, men dei er litt skjønnheitsmessig utfordra, innrømmer Vicki DeArmon.
Ho deltek med hunden sin i fredagens kåring av verdas styggaste hund.
LES OGSÅ: Verdens styggeste hund er død
Og ut frå bileta i videovindauga øvst i saka, tyder ting på at ho stiller sterkt i konkurransen.
STERK UTFORDRAR: Den britiske meisteren stiller sterkt i kampen om å ta prisen heim til England igjen. Foto: CBS
– Dette er ein konkurranse for dei som er glad i hundar og som har litt humor. Har du ikkje det, har du ingen ting i denne konkurransen å gjera, seier ho til den amerikanske fjernsynskanalen CBS 5.
LES OGSÅ: Se, en kalv med to ekstra bein på ryggen
Sjølv om hunden hennar stiller sterkt, er konkurransen hard.
Frå London stiller langt frå vakre «Mugly» i konkurransen.
– Eg tykkjer det er ein stilfull hund. Det ville vore fantastisk om tittelen kom til England, seier «Mugly» si matmor, Bev Nicholson.
LES OGSÅ: Tatt på fersken da han mishandlet katt
Men konkurransen er ikkje berre for moro. Den skal og vera med på å få auka merksemd på hundar som treng ein heim, både fine og mindre fine hundar.
| Publisert | 19.06.2012 18.31 |
| Oppdatert | 19.06.2012 18.32 |

