I løpet av ein tredagarsperiode i august 1945 slapp amerikanarane to atombomber over Japan.

Den fyrste trefte Hiroshima og tok livet av 140.000 menneske, tre dagar seinare var det Nagasaki som fekk unngjelda. Der mista 70.000 menneske livet.

12.500 tonn TNT

Atombombene var ein særs viktig grunn til at Japan overgav seg, og ein fekk ein slutt på den andre verdskrigen.

Atombombeprosjektet var i utgangspunktet eit samarbeidsprosjekt mellom USA, Canada og Storbritannia.

LES OGSÅ: Her smeller atombomben rett over hodene deres

Ein hemmelig amerikansk komité jobba med å finna dei rette måla for bruken av atombomba.

Dei valde ut fem aktuelle japanske byar. Kyoto, Hiroshima, Yokohama, Kokura og Niigata.

Bakgrunnen for at det vart akkurat desse byane var at dei hadde store urbane områder, bygga var hovudsakleg laga av tre og det budde mange sivile der.

Hiroshima var og ein viktig hamneby med mykje soldatar der.

Bomba over Hiroshima, «Litle Boy», brukte 43 sekund frå den vart slept frå flyet og til den eksploderte, 600 meter over bakken.

LES OGSÅ: Gigant-speil kan redde jorden fra katastrofe-asteroide

Krafta i eksplosjonen tilsvara minst 12.500 tonn TNT.

I byens sentrum var absolutt alt, utanom forsterka murbygg tilintetgjort på berre nokre sekundar. Meir enn to tredjedelar av alle bygg i byen var knust og glas så langt vekke som 15 kilometer vart knust.

Dei amerikanske ekspertane var ikkje uroa, og den 8. august sa leiaren for Manhattan-prosjektet J Robert Oppenheimer til The Washington Post at det ikkje ville vera mykje radioaktivitet på bakken, og det som var ville forsvinna relativt raskt.

Nagasaki skulle ikkje bombast

Den niande august var det eigentleg ikkje Nagasaki som var målet. Det var det byen Kokura og ammunisjonsfabrikken som var, Men på grunn av varsel om dårleg vêr måtte dei fly høgare. Det betydde og eit større forbruk av drivstoff.

I tillegg hadde dei berre lov å sleppa bomba om dei faktisk kunne sjå fabrikken med eigne auge frå flyet. Det kunne dei ikkje, difor vart kursen sett mot Nagasaki.

LES OGSÅ: Gigant-speil kan redde jorden fra katastrofe-asteroide

«Fat Man» var ei annan type bombe enn den over Hiroshima, og gjorde meir skade enn kva den fyrste bomba gjorde.

Alt innanfor ein kilometers radius frå der bomba sprengte vart tilintetgjort.

165 personar opplevde begge bombene og overlevde.

Blant dei var Tsutomu Yamaguchi. Han var på forretningsreise til Hiroshima, og var berre tre kilometer frå der bomba gjekk av den 6. august.

Han fekk alvorlege brannskader på kroppen, og vart naturlegvis lagt inn på sjukehus. Den 8. august kom han seg endeleg heim til Nagasaki.

LES OGSÅ: USA rydder opp etter giftskandalen i Vietnam

Dagen før «Fat Boy» tilintetgjorde heimbyen hans.

Utrulig nok overlevde han og 164 andre begge atombombene.

USA stilte opp på markeringa

Tsutomu Yamaguchi døyde fyrst i 2010.

Torsdag samla rundt 6000 menneske seg i Nagasaki for å minnast dei falne.

Frykta for stråleskader og tryggleiken med atomenergi var eit av dei viktigaste fokusområda. Det er berre eit og eit halvt år sidan atomkatastrofen i Fukushima, og ordføraren i byen var ein av gjestene på torsdagens samling i Nagasaki.

LES OGSÅ: Kay (55) er sikker på at hun lever i 1992

Borgarmeisteren i Nagasaki uttrykte eit ynskje om at myndigheitene skulle utarbeida planar om eit atomfritt samfunn der folk skulle sleppa å tenkja på farane ved stråling.

For fyrste gong stilte den amerikanske ambassadøren opp på minnemarkeringa. Det er berre to år sidan USA i det heile valde å stilla opp på minnemarkeringane i det heile.

SJÅ UNIK VIDEO: Her smell atombomba rett over hovuda deira. Den 19. juli 1957 stod fem menn tett saman i ørkenen 105 kilometer nord for Las Vegas i USA.