Khalid Skah
pågrepet i Frankrike
Etterlyst av norsk politi - tatt på flyplass i Paris
Risikerar no femti år i fengsel for bi-geskjefta si.
Brødrene Raul og Fidel Villarreal jobba som grensevakter på den amerikanske sida av grensa mot Mexico.
Men samstundes hadde dei ei lita bi-geskjeft.
LES OGSÅ: Amerikanske soldater drept av afghansk baseansatt
For dei skal ha brukt myndigheitene sine bilar til å smugla fleire hundre ulovlege innvandrarar inn i USA i 2005 og 2006.
Myndigheitene fekk etterkvart ferten i kva som foregjekk, og byrja å etterforska dei to brødrene. Men nokon tipsa dei og dei rakk å rømma frå heimbyen San Diego til Mexico.
Det tok meir enn to år før dei vart arrestert, i byen Tijuana.
LES OGSÅ: Paul Ryan blir visepresidentkandidat
Medan dei jobba som grensevakter, hadde mellom anna Raul ei rolla som talsmann og skodespelar. Ein gong spela han rolla som knallhard mexicansk smuglar i ein reklame som gjekk på spansktalande kanalar.
Målet med reklama var nettopp å hindra folk i å prøva å snika seg inn i USA.
LES OGSÅ: Lyn slo ned i moské – 13 døde
Begge to er funne skuldig i menneskesmugling og risikerer no 50 år i fengsel kvar. Straffeutmålinga er venta i november.
| Publisert | 11.08.2012 17.03 |
| Oppdatert | 11.08.2012 17.03 |
Sjekk listen over hvor du er mest utsatt i sommer
