KJENDISINNBROT: Fleire kjendisar, mellom dei Audrina Patridge og Lindsay Lohan, opplevde å få uønska besøk i heimane sine.
KJENDISINNBROT: Fleire kjendisar, mellom dei Audrina Patridge og Lindsay Lohan, opplevde å få uønska besøk i heimane sine. Foto: Stella pictures

Tenåringsbande spesialiserte seg på innbrot hjå vakre kjendisar

– Verdisakene var ikkje det verste. Det verste var at dei tok seg inn på den einaste private sfæren eg har, seier Lindsay Lohan. No blir det film om banden.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

Bandeleiaren nekta for medverknad til tjuveri av juvelar og andre verdisaker for nesten 18 millionar kroner i retten denne veka.

Del på facebook

Nicholas Frank Prugo (21) har inngått ein avtale med myndigheitene som der han mot å sona to år i fengsel skal vitna mot dei tre andre i banden hans.

Fann aldri tjuvegodset

Dei er sikta for innbrot hjå mellom andre Paris Hilton og Lindsay Lohan.

Saka held fram under biletet

BANDELEIAREN: Nicholas Frank Prugo leia banden, men slepp mykje av straffa mot at han tystar på dei andre.BANDELEIAREN: Nicholas Frank Prugo leia banden, men slepp mykje av straffa mot at han tystar på dei andre. Foto: AP Photo/Los Angeles County Sheriff's Department, File/AP

Prugo og dei andre er sikta for å ha stole smykke, designarklede og andre verdisaker. Mesteparten har aldri blitt funnet.

Prugo var opphavleg sikta for å ha brote seg inn hjå Paris Hilton, Orlando Bloom og Rachel Bilson, men han slepp altså å sona fengselsstraff for dei innbrota mot å tysta på sine medhjelparar.

Han risikerer likevel å måtte betala erstatning til kjendisane.

– Nick gjer det rette her, seier forsvararen hans, Markus Mueller-Dombois til nyhendebyrået AP.

Om han ikkje tystar risikerer han sju år i fengsel, han vil og få sin andre dom. Det betyr at om han på eit seinare tidspunkt bryt lova igjen, og får sin tredje dom, risikerer han ei særs lang fengselsstraff.

Kjendisane slapp å møta i retten

To av dei andre sikta har og gått med på å tilstå. Prugo har sagt at Rachel Lee var med på planlegginga av innbrota. Ho er dømt til fire år i fengsel.

Det at dei sikta har gått med på å tilstå, har spart kjendisane for å måtta møta opp i retten. Men fleire av kjendisane måtte stilla opp for ein storjury i 2010, som vurderte om det var grunnlag for å ta ut tiltale.

– Det handla ikkje om tinga som vart tatt frå meg. Det handlar om at nokon tok seg inn på det einaste private området eg har i livet mitt no, sa Lohan til storjuryen.

Blir filmatisert

Historia om banden blir for øvrig filmatisert av Sofia Coppolla: På rollelista er mellom andre Emma Watson, mest kjend som Hermine frå Harry Potter-filmane.

«The Bling Ring» skal særleg fokusere på korleis kjendiskulturen påverkar samfunnet.

PLANLA: Rachel Lee var med på planlegginga av innbrota.PLANLA: Rachel Lee var med på planlegginga av innbrota. Foto: Damian Dovarganes/Ap



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
Dansk politi satte pedo-filter på Facebook
Dansk politi satte pedo-filter på Facebook

Ein dansk politi-tabbe førte til at Facebook og 8.000 andre nettsider vart sperra på grunn av mistanke om barneporno.

Fire tiltalt for terrorplaner mot Jyllands-Posten
Fire tiltalt for terrorplaner mot Jyllands-Posten

Tiltalt for å ha villet drepe et større antall mennesker hos Morgenavisen Jyllands-Posten.

VIP-tribune kollapset under konsert i Stockholm

30-talls personer raste i gulvet.

Skuldige! Dårlege samaritanar dømd til fengsel etter hjartelaust ran
Skuldige! Dårlege samaritanar dømd til fengsel etter hjartelaust ran

Fyrst slo dei Ashraf Rossli i bakken, når dei lata som om dei hjalp han opp igjen tømte dei sekken hans.

 
  

Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen

Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...


reklame