Ho har turna heile livet. I ein alder av 86 har ho ikkje lagt beina på skammelen. Nyleg sikra Johanna Quaas ein verdsrekord, ifølgje World Records Academy.

Quaas deltok på turnarrangementet Cottbus Challenger Cup i Tyskland tidlegare i år, der sette ho verdsrekord som eldste turnar.

Hadde treningspause i 25 år

Johanna meistrar både skranke, bom og golv og utfører øvingar som ein ikkje skulle tru ein 86 åring var i stand til.

Artikkelen held fram under.

Men så er ikkje 86-åringen kven som helst. Quaas, som er frå Halle i delstaten Sachsen-Anhalt, har ei rekkje premier i skapet å visa fram. Ho var aktiv turnar i ungdomen og tok i vaksen alder opp att gamle kunstar.

– Eg hadde ein pause på 25 år og begynte igjen då eg var 56, fortel Quaas til den tyske tv-kanalen RTL.

Hold deg oppdatert hele påsken på TV2.no sine mobilsider: mobil.tv2.no eller last ned TV 2 Nyhetenes app.

Pustehjelp frå Austen

Ho trenar mest kvar dag. Ho er i gymnastikksalen, går og syklar.

– Og vi har ei gruppe der me trener 5-Tibeter (fem tibetanske riter, jour.anm), det har hjelpe meg å pusta rett, fortel ho.

– Og det er ei anna gruppe med gymnastikk for folk mellom 70 og 89 som eg er med i.

Artikkelen held fram under.

– Og etter trening går me i badstuen, fortel den aktive 86-åringen.

Etter at ho deltok på Cottbus Challenger Cup har nokon lasta opp ein film av ho på YouTube er ho blitt ein ekte internett-hit, sett av millionar.

Sjå den imponerande dama du også, øvst i artikkelen!