Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen
Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...
Japanske kvinner i utlandet har samlet og sendt tusenvis av kartonger med melk hjem.
TAKKNEMLEG MOR: Kartongane med morsmjølkerstatning framme i Japan. Foto: NHK World
Heilt sidan det
kraftige jordskjelvet og den påfølgande tsunamien trefte Japan
har det vore problem å få tak i brystmjølkerstatning. Japanske kvinner som
bur i utlandet hjelper sine systre heime.
Les også: Avrevne kroppsdeler og hus på vei fra Japan til USA
I Helsinki har ei gruppe japanske mødre sett opp eit nettverk for å samla og senda mjølk til Japan, ifølge den japanske fjernsynskanalen NHK.
Kvinnene spreidde ordet ved hjelp av blant anna facebook og twitter. Dei høyrde raskt frå ein imoportør heime i Japan som ville hjelpa dei med å få mjølka heim.
Eit finsk flyselskap tok på seg å frakta mjølka gratis.
Masako Goto er ei av kvinnene som treng morsmjølkerstatning. To veker før jordskjelvet og den påfølgjande tsunamien trefte Japan fekk Goto sitt andre born. Sjokket som katastrofa påførde ho gjer at ho ikkje har klart å amma, men å finna morsmjølkerstatning har vore vanskeleg, ifølgje NHK.
Også i USA har ei gruppe japanske kvinne samla mjølk og send heim. Så langt er fleire tusen kartongar morsmjølkerstatning send til Japan.
Det var 11. mars det kraftgaste jordskjelvet i Japans historie tok livet av fleire tusen og gjorde enda fleire heimlause. Skjelvet målte 8,9 på Richters skala og blei etterfulgd av ein tsunami som trefte store delar av den japanske kysten.
Bakgrunn: Slik rammet jordskjelvet Japan
| Publisert | 10.06.2011 07.25 |
| Oppdatert | 10.06.2011 07.25 |
