Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen
Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...
Døra gjekk i vranglås bak piloten som var på do. Då ein passasjer prøvde å informera cockpiten om det, vart terroralamen utløyst.
Delta flight 6132 frå Asheville, i Nord-Karolina til New York, tok ei dramatisk vending då piloten låste seg inne på do.
Då ein passasjer med tydeleg utanlandsk aksent prøvde å gje beskjed til co-piloten at det var noko gale med do-døra, kontakta co-piloten det næraste flytårnet.
– Kapteinen har forsvunne og eg har ein mann med ei tjukk utanlandsk aksent som står på utsida av cockpiten min. Eg må gjera noko med denne situasjonen, kan ein høyra co-piloten seia på eit opptak som er tilgjengelig på LiveATC.net.
Flyselskapet som driv ruta, Chautauqua Airlines, seier at kapteinen tok seg ein tur på toalettet, rundt 30 minutt før flyet ankom New York onsdag ettermiddag.
LES OGSÅ: Pilot avverget flykatastrofe - nå blir han straffet
Kapteinen gav passasjeren eit passord som gjorde at han kunne ta seg inn i cockpiten. Men co-piloten ville ikkje sleppa han inn.
– Eg har ikkje tenkt å sleppa han inn her, seier han på sambandet.
Ettersom tida gjekk ga co-piloten beskjed om å vurdera å kalla det ein krisesituasjon. Flyet ville då verta prioritert over alle andre fly.
Men etter fleire minutt kjem kapteinen tilbake til cockpiten.
– Dette er kapteinen her. Eg måtte på toalettet og døra gjekk i lås bak meg, og eg måtte kjempa for å få opp døra. Det er ingen krisesituasjon her, kan ein høyra han seia over sambandet til tårnet.
LES OGSÅ: Ryanair vil vise porno på flyvningene
Historia fekk ei lukkeleg ending, men viser kor på tå hev ein framleis er i New York når det kjem til flykapringar, meir enn eit tiår etter 9/11-hendingane.
| Publisert | 18.11.2011 17.31 |
| Oppdatert | 18.11.2011 17.32 |
