EKSTREMISTREGIMER: Både Egypt, Saudi-Arabia og Jordan har kjøpt krigsmateriell for fleire hundre millionar kroner frå Noreg. Ingen av landa er kjent for å vera langt framme på menneskerettsfronten. Norske myndigheiter meinar det er heilt greitt.
EKSTREMISTREGIMER: Både Egypt, Saudi-Arabia og Jordan har kjøpt krigsmateriell for fleire hundre millionar kroner frå Noreg. Ingen av landa er kjent for å vera langt framme på menneskerettsfronten. Norske myndigheiter meinar det er heilt greitt. Foto: Mohammad Hannon/Tara Todras-Whitehill/AMR NABIL

Noreg har selt krigsmateriell for ein halv milliard til Saudi-Arabia

Dei siste åtte åra har Noreg selt krigsmateriell for meir enn 1,3 milliardar kroner til ulike diktatur i Midtausten. – Blodpengar, meiner Framtiden i våre hender.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

Det er tal som TV 2 har fått utarbeida som syner dette.

Tala visar at det er Saudi-Arabia og Kuwait som har vore dei klart største mottakarane av krigsmateriell frå Noreg. Dei har kjøpt våpenutstyr for høvesvis 554,5 og 400,2 millionar kroner.

Del på facebook

Egypt, Bahrain, Libya, Dei sameinte arabiske emirata, Qatar og Jordan er og mellom kjøparane av norsk krigsmateriell sidan 2003.

Tvilsame forhold til menneskerettar

Alle desse landa er land med tvilsame forhold til demokrati og menneskerettar.

Tips oss!
Har du informasjon om denne saken? Ikke nøl med å tipse oss!
Send oss en epost på tips@tv2.no eller RING/MMS/SMS til 02255

LES OGSÅ: Norge solgte krigsutstyr til Gaddafi

På respekterte Freedom House sin årlege rapport over menneskerettar og politiske rettar i kvart land i verda, hamnar alle desse i dei nedste på skalaen som går frå ein til sju.

Dei aller ferskaste tala på norsk våpeneksport finn du her.

Det landet som kjem «best» ut er Kuwait som får fire på skalaen når det kjem til politiske rettar.

Noreg på den andre sida kjem i den beste kategorien på begge alternativa.

Saka held fram under biletet

ARABISKE DIKTATUR: Desse arabiske diktatura har Noreg eksportert våpenutstyr til sidan 2003. Saudi Arabia er den klart største kjøparen av norsk våpenutstyr.ARABISKE DIKTATUR: Desse arabiske diktatura har Noreg eksportert våpenutstyr til sidan 2003. Saudi Arabia er den klart største kjøparen av norsk våpenutstyr. Foto: Alexander Harang/TV 2

I Saudi-Arabia har dei korkje politiske parti eller fagforeiningar. Kvinner har særs avgrensa stemmerett, og kan til dømes heller ikkje køyra bil. Det kjem jamnleg rapportar frå Amnesty og Human Rights Watch om bruk av tortur og utanomrettslege avrettingar.

LES OGSÅ: Norsk våpeneksporten tredoblet

I regelverket er forsvarsmateriell delt opp i to kategoriar: A- og B-materiell. A-materiell er alle typar våpen og ammunisjon, samt anna materiell som vil kunne nyttast med vesentlig verknad til å påverka dei militære styrkeforhold ut over nærområdet. B-materiell er anna militært materiell, som ikkje har eigenskaper eller bruksområde slik dei er definert i kategori A.

Eksporten til Saudi-Arabia har stort sett vore kommunikasjons og sambandsutstyr. I 2008 kjøpte dei til dømes mobilt sambandsutstyr for heile 172 millionar kroner frå Noreg.

– Blodpengar

Det betyr at Saudi-Arabia var den største mottakaren av krigsmateriell frå Noreg, utanfor Nato, det året.

Det er også utført reparasjonar og utført tenester i forhold til denne eksporten til dei arabiske diktatura, noko som betyr at dei reelle tala eigentleg er høgare. Dette vert rekna som utførte strategiske tenester i denne samanheng, men er likevel ikkje medrekna i statistikkane.

LES OGSÅ: Krever bedre kontroll over norsk våpeneksport

Dei sameinte arabiske emirata har kjøpt krigsmateriell frå Noreg for 30 millionar kroner mellom 2003 og 2009. Landet held ikkje val, og skal du delta i politikken må du vera medlem av ein av dei sju regjerande familiane. Human Rights Watch peikar og på at trafficking er eit stort problem i landet.

Saka held fram under biletet

NATTSYN: Utstyr som gjer at du ser betre i mørket, som på dette illustrasojonsfotoet, er mellom det Noreg har solgt til Libya og andre diktatur i Midtausten dei siste åra.NATTSYN: Utstyr som gjer at du ser betre i mørket, som på dette illustrasojonsfotoet, er mellom det Noreg har solgt til Libya og andre diktatur i Midtausten dei siste åra. Foto: Maya Alleruzzo/Ap

I 1993 avslørte det dåverande Arbeiderbladet at Noreg hadde solgt 1500 M72-panservernrakettar, med øvingsutstyr, til Dei sameinte arabiske emirata.

– Me kan nærast kalle dette blodpengar, meiner Arild Hemstad, leiar i Framtiden i våre hender.

– Dette er pengar som er tent på verksemd som me ikkje bør vera kjente av, seier han.

Høgre meinar eksporten er heilt grei

Han meiner at den norske våpeneksporten er med på oppretthalda statar som ikkje er kjente for å oppretthalda menneskerettane.

Difor vil Framtiden i våre hender ha ei kraftig innstramming i regelverket når det gjeld eksport av våpen til diktatur.

– Dette er ein industri som har fått lov å veksa seg stor i Noreg utan politisk debatt. Det verkar som om at så lenge det er snakk om norske arbeidsplassar, er norske politikarar nøgde, seier han.

LES OGSÅ: Raser mot norsk våpeneksport

Ine Marie Eriksen Søreide, frå Høgre, er leiar i Stortingets utanriks- og forsvarskomite. Ho har i utgangspunktet ikkje nokre problem med å eksportera krigsmateriell til arabiske diktatur.

– Så lenge det er innanfor regelverket, er det greitt. Men situasjonen i dei aktuelle landa kan endra seg. Då kan det vera at me må ta andre vurderingar for framtida, seier ho.

Saka held fram under biletet

OPP OG NED: Eksporten til arabiske diktatur varierar frå år til år, men sidan 2003 har den aldri vore lågare enn 86,4 millionar kroner.OPP OG NED: Eksporten til arabiske diktatur varierar frå år til år, men sidan 2003 har den aldri vore lågare enn 86,4 millionar kroner. Foto: Alexander haram/TV 2

Ho meiner regelverket er strengt nok som det er i dag.

– Eg tykkjer regelverket fungerar bra. Det er eit strengt regelverk. Slik det er i dag, ser eg ingen grunn til store endringar, legg ho til.

Vil diskutera dagens regelverk

Dagfinn Høybråten, KrF, vil ha ein debatt om dagens regelverk.

– Me har hausta nokre erfaringar som gjev grunn til å spørja om me har gode nok reglar i forhold til våpeneksport til autoritære regime som ikkje kan seiast å vera stabile, seier Høybråten.

– Eg meinar me må stilla det kritiske spørsmålet i Stortinget om me har eit strengt nok regelverk, legg han til.

Sjølv vil han ikkje svara på det, før Stortinget har tatt debatten.

LES OGSÅ: Et lite stykke Norge dreper sivile på Gazastripa

Statssekretær i Utanriksdepartementet, Gry Larsen meinar at det er heilt greitt at Noreg har eksportert krigsmateriell for over 1,3 milliardar kroner til ulike arabiske diktatur.

– Eg har ingen problem med det blir eksportert forsvarsmateriell frå Noreg. Me har eit strengt regelverk, peikar ho på.

Saka held fram under biletet

INGEN PROBLEM: - Eg har ingen problem med det blir eksportert forsvarsmateriell frå Noreg, seier statssekretær Gry Larsen til TV2.noINGEN PROBLEM: - Eg har ingen problem med det blir eksportert forsvarsmateriell frå Noreg, seier statssekretær Gry Larsen til TV2.no Foto: TV 2

Ho er heilt ueinig med Framtiden i våre hender som meinar det har vore for lite debatt i Noreg.

– Eg opplever at det er mykje debatt om våpenindustrien i landet, seier ho, og viser til at dei legg fram ei stortingsmelding kvart år.

Ho er ikkje imponert over Høybråten sitt innspel heller, og viser til at stortingsmeldingane om våpensal har vorte einstemming vedtatt kvart år. Men ho stiller seg ikkje avvisande til ein politisk debatt om temaet.

– Har andre politiske parti innspel til endringar i regelverket, skal me lytta til det, sluttar ho.

SE VIDEO: Noreg solgte krigsmateriell til Libya i 2010



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
Norge solgte krigsutstyr til Gaddafi
Norge solgte krigsutstyr til Gaddafi

Bare måneder før norske jagerfly måtte bombe Libya solgte Norge krigsmateriell til Gaddafi.

De åtte EU-kriterier for når våpeneksport ikke skal tillates

Dette er de kriterium som Norge må forholde seg til om de skal eksportere våpen og krigsmateriell.

Krever bedre kontroll over norsk våpeneksport
Krever bedre kontroll over norsk våpeneksport

Changemaker offentliggjør en ny rapport de mener viser mangler i dagens kontrollrutiner.

Johansen: - Nesten umulig å kontrollere
Raser mot norsk våpeneksport

Svs nestleder mener Norge ikke kan være bekjent av at norsk våpenteknologi kan være i bruk i israelske angrepsraketter.

Kraftig vekst i norsk våpeneksport
Kraftig vekst i norsk våpeneksport

Verdien av norsk våpeneksport økte i 2008 med 44,5 prosent.

Norge rike på våpeneksport
Norge rike på våpeneksport

Norge selger stadig mer våpen. I fjor var den samlede verdien av våpeneksporten 4,2 milliarder kroner. Det er nesten dobbelt så mye som for fire år siden.

Krever strengere regler for våpeneksport
Krever strengere regler for våpeneksport

Kravet om strengere kontroll med norsk våpeneksport får stadig bredere støtte. Flere ungdomsparti og Changemaker krever at Næringsministeren kommer på banen.

Norsk våpeneksporten tredoblet
Norsk våpeneksporten tredoblet

Den norske våpeneksporten er tredoblet de siste fem årene, og den halvstatlige våpenprodusenten Nammo satser nå på nye oppkjøp i USA.

Ville eksportera våpen til Libya, Syria og Iran
Ville eksportera våpen til Libya, Syria og Iran

Marokko, Algerie, Libya, Syria, Pakistan og Iran er blant landa som er blitt nekta import av norsk krigsmateriell dei siste åra.

 
  

Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen

Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...


reklame