Den nye nettstaden Salamworld, vil få hovudkvarteret sitt i Istanbul, og skal vera online i løpet av juli er planen.

Ein av grunnleggarane, Abdulvahed Niyazo, seier at det er så mykje rart i dagens sosiale medier som unge muslimar ikkje bør verta eksponert for.

Homoseksualitet ulovleg

– Innhaldet på andre nettstader er ikkje særlig trygt og er veldig haram, seier han til den tyrkiske avisa Hürriyet Daily News.

Haram betyr forbode på arabisk.

(Saka held fram under biletet)

online muslimar (Foto: A Majeed/Afp)

– Me vil ikkje at våre unge skal ta inn over seg idear som dei ikkje er så godt kjente med, legg han til.

LES OGSÅ: Facebook sprer ulykke

Homoseksualitet og andre ting som er forbode i den muslimske kulturen vil difor ikkje vera eit tema på den nye nettsida. Men diskusjonar som går på religion vil verta tillate, seier Said Sadov til den Dubai-baserte avisa 7days.

Nettstaden håper å tiltrekka seg ein store del av dei rundt 300 millionar muslimane som alt i dag brukar nettet og sosiale medium som Facebook, eit tal som er venta å stiga kraftig dei komande åra. Difor treng dei berre å lokka til seg 17 prosent av dagens online-muslimar for å oppnå målet om 50 millionar brukarar.

Finn din næraste moskeè

Nettstaden skal gje brukarane ein guide til byar over heile verda og kvar ein kan finna moskear, islamske senter, halal-restaurantar og andre muslimske bedrifter.

LES OGSÅ: Vi sletter Facebook-venner som aldri før

Nettstaden skal vera tilgjengelig på åtte ulike språk og vil altså vera reinare og meir filtrert enn dagens sosiale medier-kjempe, Facebook.

– Ved å filtrera ut skadeleg innhald, og ved at innhaldet respekterar dei tradisjonelle familieverdiane tilpassar me oss krava frå den muslimske verda. Målet vårt er å bryta alle politiske, språklege og kulturelle barrierar, rett og slett å opna verda for muslimar, og opna muslimar for verda, drøymer Niyaso.