KIDNAPPA: Ein egyptisk mann som ser ut som den tidlegare diktatoren i Irak, Saddam Hussein, hevdar at han vart forsøkt kidnappa av ein pornobande i Egypt førre helg. På biletet ser du orginalen.
KIDNAPPA: Ein egyptisk mann som ser ut som den tidlegare diktatoren i Irak, Saddam Hussein, hevdar at han vart forsøkt kidnappa av ein pornobande i Egypt førre helg. På biletet ser du orginalen. Foto: JACOB SILBERBERG/AP

Saddam Husseins dobbeltgjengar kidnappa av pornobande

Dei prøvde først å tilby han 1,8 millionar kroner. Da han nekta, prøvde dei å kidnappa han.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

Ein egyptisk mann som ser ut som den tidlegare diktatoren i Irak, Saddam Hussein, hevdar at han vart forsøkt kidnappa av ein pornobande i Egypt førre helg.

Del på facebook

Mohamed Bishir seier til den egyptiske avisa al-Ahram at han var på veg til ein kafé i sentrum av Alexandria, då tre menn prøvde å tvinga han inn i ein varebil.

Nektar å stilla opp

Han seier at det var fleire personar som såg hendinga, men då overfallsmenna var væpna, torde dei ikkje å gripa inn.

LES OGSÅ: «Obama» ranet bank i Østerrike

Dette er ikkje fyrste gong Mohamed Bishir har møtt gjengen.

Klikk på denne lenka og sjå kor lik Bishir er Hussein

Dei har nemlig tilbydt han meir enn 1,8 millionar kroner tidlegare for å spela rolla som Saddam Hussain i ein pornofilm. Men Bishir nektar å vera med på det.

Etter at han takka nei til pengane skal han ha fått fleire trugsmål via telefonen, der dei truga med å kidnappa han om han ikkje stilte opp.

Kidnapparane hadde nemlig ein plan om å selja produktet til internasjonale medium, under dekke av at det var den ekte diktatoren som var der.

Angrepet av irakarar

Mohamed Bishir skal vera så lik Hussein at irakarar i Egypt har gått til angrep på han.

Bishir skal ha bytt adressa fire gonger for å unngå å verta sjikanert.

Iraks tidlegare president vart avretta i 2006. Då han regjerte i Irak skal han ha hatt fleire dobbeltgjengarar, som utgav seg offentleg som han.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
«Obama» ranet bank i Østerrike
«Obama» ranet bank i Østerrike

Den amerikanske presidentens dobbeltgjenger mistenkes for å stå bak til sammen seks ran.

– Nordmenn involvert i dødskrasj i Egypt

Norske turister skal ha vært ombord i en buss involvert i en alvorlig ulykke ved et turistområde.

Frankrike forbyr ketchup på skoler
Frankrike forbyr ketchup på skoler

Den populære tomatblandingen skal imidlertid være tillatt til én rett.

Kriserammede spanjoler pynter til jul – i oktober
Kriserammede spanjoler pynter til jul – i oktober

Bystyret i Cambrils frykter overtidskostnader og starter julepyntingen rekordtidlig.

Her blir demonstranten slått rett i bakken av rabiat politimann
Her blir demonstranten slått rett i bakken av rabiat politimann

Dei relativt fredelege demonstrantane i «Occupy Wall Street» vart møtt med brutal politivald på fredag.

 
  

Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen

Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...


reklame