Fulle eldre skaper
problemer i Danmark
Danske omsorgsarbeidere plages av eldre som har tatt en «lille en» for meget
Israelske fly skaut minst seks rakettar mot mål sør på Gazastripa i natt. Angrepa kjem som eit svar på rakettar frå Gaza mot Israel den siste tida.
Ifølge Hamas-talsmenn bomba Israel i natt fleire smuglartunnelar på grensa til Egypt, og ein verkstad i Gaza by.
Angrepet kjem som eit svar på gårsdagens rakettangrep frå Gaza, som drepte ein thailandsk gjesteabeidar sør i Israel.
Ei al-qaida inspirert gruppe kalla Ansar al-Sunna har tatt på seg skulda for angrepet.
De israelske rakettene traff og ødela blant annet denne verkstedsbygningen i Gaza by. Foto: AP
Angrepa og hevnagrepa gjer situasjonen mellom israelarar og palestinarar ytterlegare spent.
Etter at det vart kjent at Israel planlegg å bygge over 1600 jødiske bustader i øst-Jerusalem har det vore daglege samanstøytar mellom palestinarar og israelske tryggingsstryrkar.
Den planlagte bygginga har også forsura forholdet mellom Israel og USA.
I dag møter USAs utanriksminister Hillary Clinton, FNs generalsekretær og EUs utanrikssjef i Moskva. Målet er å få fredsprosessen i gang igjen, før situasjonen blir ytterlegare forverra.
| Publisert | 19.03.2010 07.42 |
| Oppdatert | 19.03.2010 08.10 |
Danske omsorgsarbeidere plages av eldre som har tatt en «lille en» for meget
