Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen
Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...
President Assad nektar for at styrkane hans drep sivile i Syria. Her er videobileta som motbeviser det.
MISTA PAPPA: Far til desse borna vart skoten då han køyrde bil gjennom gatene i Homs.
– Me drep ikkje vårt eige folk. Ingen drep. Inga regjering nokon stad i verda ville ha drepe sitt eige folk, med mindre den vert styrt av ein gal person, seier Syrias president Bashar al-Assad i eit intervju med amerikanske ABC News, onsdag ettermiddag.
– Eg vart president på grunn av støtta frå folket. Det er umogleg for nokon som helst her i landet å beordra drap, seier Assad til journalisten Barbara Walters (82).
Men videoinnslaget ein kan sjå øvst i denne saka motbeviser det.
LES OGSÅ: Bashar al-Assad: – Bare en gal mann ville drept sitt eget folk
Der kan ein sjå bilete frå eit fredeleg gatehjørne i byen Homs som plutseleg endrar seg til eit lite helvete, med skotsalvar som blir avfyrt mot dei sivile. Berre på det gatehjørnet skal ni personar vera drepen av regjeringsstyrkane, berre denne veka.
Saka held fram under biletet
BYTER SIDE: Stadig fleire soldatar, som desse på biletet, har hoppa av og bytt over til opprøraranes side. Foto: Ricardo Garcia Vilanova/Afp
Ingen andre stader i Syria er valden meir framtredande enn i Homs. Der tvinger regjeringsstyrkane folk ut i gatene og på jobb, der er dei levande blinkar for snikskyttarane.
Sidan mars i år reknar ein med at over 4000 menneske har mista livet i Syria.
LES OGSÅ: Hjemlandet til Steve Jobs far har bannlyst Iphone
President Bashar al-Assad har vore president i landet sidan 2000, då han arva makta etter far sin.
Sidan mars har Assad lova nokre få reformer for folket, medan han samstundes har slått brutalt ned på folk som har protestert i gatene mot han ved hjelp av stridsvogner og snikskyttarar.
FN har kalla det som skjer i Syria for ein borgarkrig, men det berre fnys Assad av.
– Og kven har sagt at FN er ein truverdig organisasjon, spør han i intervjuet med ABC.
LES OGSÅ: FN: – Hundrevis av barn drept i Syria
Syrias omstridde leiar fryktar ikkje å mista makta over landet sitt på same måte som Libyas tidlegare leiar Muammar Gaddafi.
Men svaret han gjer til ABC tyder på at mannen har mista alt som kan minna om bakkekontakt.
– Det einaste du kan frykta som president, er å mista støtta frå folket ditt, avsluttar han.
Øvst i artikkelen kan du sjå reportasjen som Caroline Farstad Søvik laga for TV 2 Nyhetskanalen.
IKKJE ALLE MISLIKAR ASSAD: Denne demonstranten, fotografert i Damaskus, støttar framleis president Assad. Foto: Muzaffar Salman/Ap
| Publisert | 08.12.2011 12.36 |
| Oppdatert | 08.12.2011 12.36 |
