Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen
Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...
Kulene flyr gjennom nattehimmelen. Storminga av det forhatte fengselet i Benghazi er i gang. I første rekke kjempar byens ungdommar.
JUBLAR: Ungdommar feirer i gatene. Foto: TV 2
– 17. februar-revolusjonen begynte med oss, folk i alderen 16 til 25 år,
fortel Ahmed, ein av dei som var med på å ta over kontrollen i Libyas nest
største by, Benghazi. Ahmed var også med på å angripe det berykta fengselet
til det hemmelege politiet.
– De fleste som kjempa og døydde, var ganske unge, fortset han.
Fengselet skjulte grusomme hemmelegheiter, sjå reportasjen frå reporter Pål T. Jørgensen og fotograf Kenneth Cuomo i denne utgåva av Korrespondenten.
Sjå siste utgåva av Korrespondenten her (artikkelen hend fram under)
– Han blei drept under kampen om Benghazi, fortel dei.
Slike historier går igjen i alle land som er med i det arabiske opprøret. Det heile startar med ungdommen, som mobiliserar kvarandre mellom anna gjennom facebook og twitter. Deretter spreier engasjementet seg til andre lag av folket.
– I fortida var det mykje apati. No diskuterar åtte av ti egyptarar politikk, seier den kjende journalisten og menneskerettsaktivisten Hisham Kassem i Kairo.
FRYKTER BLODIGE SAMMENSTØT: Det er varslet store demonstrasjoner etter fredagsbønnen i Libya. Dette bilet er fra byen Bengazi, men i Tripoli der Gaddafis styrker fortsatt står sterkt, er det meldt om skyting. Foto: Hussein Malla/Ap
Han får støtte frå ungdommane som framleis beleirar Frigjeringsplassen i
sentrum av byen. Dei vann sin største siger då Hosni Mubarak blei tvungen
til å gå av som president, men framleis har demonstrantane ei rekke krav -
og ungdommane nektar å gi seg før alle krava er innfridde.
Sjå reportasjen til reporter Hilde Gran og fotograf Anders Hereid frå Kairo i denne utgåva av Korrespondenten.
Korrespondenten ser også nærmare på den dramatiske flyktningesituasjonen i Libya. Vårt team Bent Skjærstad og Aage Aune har møtt desperate framandarbeidarar som no prøver å komme seg heim. Problemet er at hundretusenar av andre prøver på det same.
– Situasjonen er uhaldbar, og med mindre ein finn ei løysing så vil det berre bli verre, fortvilar representanten for FNs høgkommissær for flyktningar, Hovig Etyemezian.
| Publisert | 04.03.2011 20.14 |
| Oppdatert | 04.03.2011 20.14 |
