Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen
Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...
– Katastrofa i Somalia brer seg nordover, seier Sven Mollekleiv, president i Norges Røde Kors.
President i Noregs Røde Kors Sven Mollekleiv. Foto: TV 2
Presidenten i Noregs Røde Kors, Svein Mollekleiv, har nett kome tilbake frå
katastrofeområda på Afrikas horn. I programmet Korrespondenten på TV 2
omtalar Mollekleiv situasjonen som ei akutt humanitær krise, som spreier
seg.
– Katastrofa brer seg nordover, seier Mollekleiv.
Sjå heile intervjuet i videovindauget øvst i saka!
– Tørken rammar og lammar også inn i nord slik at vi får stadig fleire internt fordrevne flyktningar frå dei konfliktfylte områda i sør, som beveger seg opp mot nord.
– Dei flyktar av to grunnar: For å koma seg vekk frå konflikt og for å sjå om dei kan få tilgang til mat, ettersom dyra er døde og dei kan ikkje lenger dyrka jorda si i sør.
Denne veka var også Storbritannias utviklingsminister Andrew Mitchell på besøk i den somaliske hovudstaden. Mitchell var den fyrste britiske ministeren som besøkte Mogadishu på 18 år, ifølge BBC.
Britiske myndigheiter åtvarar no om at 400.000 born står i fare for å svelta ihel.
Sjå reportasjen Pål T. Jørgensen har levert frå Somalia:
– Møte med dei underernærte barna som ser at livet går tapt, og mødrene som er vitne til dette er noko av det sterkaste, fortel Mollekleiv.
Men det er også godt å sjå at hjelpa kjem fram:
– Det gjer også sterkt inntrykk å sjå at det faktisk nyttar å hjelpa. Når vi ser dei borna som kjem fram i tide, at dei går frå å overleva til å begynna å kunna leva.
(Artikkelen fortsetter)
Den 8 måneder gammel jenta Nashad Abdirisak som bor i landsbyen Badwein, nær Galkayo. Jenta kom med mor Halimo (30) til en klinikk for mødre og barn for to måneder siden med alvorlig underernæring, kun 4 kilo. Den lokale helsekoordinatoren sjekker overarmsmålet. Foto: Olav A. Saltbones/Røde Kors/SCANPIX
– Inntrykket er nauda, døden og fortvilinga, men samtidig også håpet og hjelpa.
Halimo Abdirisak er ei somalsk mor som har fått hjelp til den vesla dottera si hos Røde Halvmåne sin helseklinikk Badwein, i nærleiken av Galkayo, nord i Somalia, ifølge NTB.
– Eg har vore så redd for henne, fortel mora.
Nashad veide kun fire kilo og var akutt underernert då ho kom til helseklinikken. Der har ho fått ei næringsrik peanøttblanding og medisin. Vekta har auka til 5,5 kilo, men ho burde ha vege enda meir.
Mollekleiv fortel at Somalia Røde Halvmåne har eit nettverk i heile Somalia, og det internasjonale Røde Kors når også heile Somalia.
– Også dei al-Schabaab-kontrollerte områda, forsikrar Mollekleiv.
Tidlegare denne veka kom det rapportar om tjuveri av naudhjelpa som kjem til Somalia. Sekkar med mat skal ha blitt tatt og lagt ut for salg på marknadar og i butikkar. Ifølge Mollekleiv har Røde Kors ikkje opplevd noko slikt.
– Vi har til no ikkje hatt nokon tilfelle der matsendingar eller medisinske sendingar er blitt stole, og vi treng heller ikkje å måtte betala for gje hjelp.
– Eg har sjølv sett at maten kjem fram. Eg såg sjølv at dei 160 tonn med høgproteinkjeks som for 14 dagar sidan blei sendt, frå Bergen, blei distribuert inne i områda i sør mot Mogadishu, og i områda i nord, seier Mollekleiv.
– Vi har til no ikkje hatt nokon tilfelle der matsendinger eller medisinske forsendlingar er blitt stole, og vi treng heller ikkje å måtte betala for gje hjelp.
– Eg har sjølv sett at maten kjem fram. Eg såg sjølv at dei 160 tonn med høgproteinkjeks som for 14 dagar sidan blei sendt, frå bergen, produsert av Compakt i Bergen, blei distribuert inne i områda i sør mot Mogadishu, og i områda i nord, seier Mollekleiv.
| Publisert | 19.08.2011 19.23 |
| Oppdatert | 19.08.2011 19.23 |
