Skattepengar dekka kattemat og pornofilmar

Avsløringa av at britiske parlamentsmedlemmer har utnytta systemet til å få utbetalt svært store summar på mellom anna oppussing og pornofilmar, har skapt store bølgjer i Storbritannia.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

Skandalen i Storbritannia skjer eit knapt år før ein svært pressa statsminister Gordon Brown må holde val. Og sjølv om det kanskje er dei konservative som har stått for dei grovaste tilfelle, ser veljarane ut til å straffe regjeringa og Brown. Fredag 15. mai kom katastrofemeiningsmålinga som viste rekordlave 22 prosent for Labour.

- Alt er likevel ikkje tapt for Gordon Brown. Det seier stipendiat ved institutt for statsvitskap ved Universitet i Oslo til Korrespondenten. – Sjølv om det ser mørkt ut no kan mykje skje på elleve månader i politikken, seier Bratberg.

Nektar verda innsyn

Krigen på Sri Lanka blir kalla ei ufatteleg katastrofe av hjelpearbeidarar. 50 tusen menneske er framleis fanga midt krigsområdet. Men kva flyktningane opplever får vi knapt høyre.

På same måte som israelske styresmakter nekta journalistar innreise til Gazastripa under krigen ved nyttårstider, har styresmaktene på Sri Lanka effektivt sette ein stoppar for omfattande mediedekning ved å så og og seie forsegla området.

Likevel kjem det enkelte historier frå situasjonen nord på øya. I Korrespondenten denne veka kan du sjå intervjue med Røde Kors-medarbeidar Stein Lied, som nettopp har vore i dei krigsherja områda.

Burkini-sesong for muslimske kvinner

Medan enkelte gjer seg klare til bikini-sesongen, førebur andre burkini-sesongen.

I Europa blir det no seld tusenvis av badedrakta, som er laget spesielt for muslimske kvinner.

Men burkinien er omstridt. I Nederland har fleire symjehallar lagt ned forbod mot den spesielle badedrakta. I Korrespondenten denne veka kan du sjølv vurdere det omstridde plagget.




Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
 
  

Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen

Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...


reklame