Mot ny klima-fiasko

Det var svært lave forventningar til klimatoppmøtet i Mexico. No er forhandlingane halvvegs, og sjølv dei lave forventningane står i fare for å ikkje bli innfridde. Sjå denne vekas Korrespondenten.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del

– Det har ikkje vore betydelege framskritt. Det er ingen som trur på ein omfattande avtale når det gjeld utsleppskutt, mens det er eit visst håp om at ein kan komme i mål på område som redusert avskoging, klimatilpassing og teknologi-overføring. Slik oppsummerar Cicero-forskar Steffen Kallbekken forhandlingane så langt.

Avtalen går ut i 2012

193 land deltar på møtet, som er den 16 ministerkonferansen i FNs klimakonvensjon. Håpet var at ein skulle oppnå framgang i arbeidet med ein ny, omfattande klimaavtale. Den skal erstatte Kyoto-avtalen, som går ut i 2012. Men atter ein gong viser det seg at det er svært vanskeleg for landa å bli einige. I TYSKLAND: TV 2-reporter Per Kristian Orset.I TYSKLAND: TV 2-reporter Per Kristian Orset. Foto: TV 2

– Det er store interesser som står på spel. Dersom ein skal lykkast med utsleppskutt så vil det bety store tap for blant anna kol- og oljeindustrien, så dei er veldig lite interesserte i ein avtale. Samtidig vil dei fleste land helst at andre land skal gå føre og gjere meir, mens dei sjølve ikkje gjer så mykje. Med andre ord, det løner seg å vere gratispassasjer, seier Kallbekken.

Eit av tema under forhandlingane er lagring av CO2. Mange land, deriblant Norge, meinar karbonfangst og lagring er eit av framtidas mest effektive klimatiltak. Men i Tyskland, der karbonlagring snart skal begynne, fryktar folk at slik lagring er livsfarleg.

– Eg er verkeleg redd, seier Kristina Amerlung til TV 2 då vi møter ho og nokre naboar i landsbyen Maxdorf.

– Eg fryktar at vi skal omkomme av gassen dersom den ved et uhell kjem opp igjen.

– Det er sjølvsagt eit paradoks

Mange stader i Tyskland skjerpast no kampen mot CO2-lagring. Årsaka er at Tyskland i løpet av dei nærmaste månadane skal lovregulere karbonfangst og lagring. EU krev at alle land i unionen lovregulerar dette feltet, men legg ingen føringar på om det skal forbydast eller ikkje.

Det første anlegget for å presse CO2 ned i bakken står ferdig 400 meter unna Maxdorf. Og her er lokalbefolkninga svært kritiske. Dei har arrangert møter, demonstrasjonar og underskriftskampanjar. Også i andre område i Tyskland, der det kan være aktuelt med lagring, ser ein same tendens til kamp.

Det er Vattenfall som står bak planane. Vattenfall er stor i Tyskland på kolkraft, og i området Schwarze Pumpe har det svenskeigde selskapet fleire kraftverk som står for store utslepp av CO2. Men Vattenfall bestemte seg for å snu dette til noko positivt - nemleg å forske og utvikle metodar for fangst og lagring av CO2, på same måte som Norge satsar på å teste ut ved Mongstad.

Vattenfallanlegget for CO2-fangst blei opna i 2008, men til no har det vore ein ynkeleg miljøgevinst: Nettopp fordi ein ikkje har hatt lovverk som regulerar karbonlagring, har Vattenfall like godt latt den gassmengda dei har skilt ut gå rett ut i lufta.

– Det er sjølvsagt eit paradoks, seier talskvinne Katharina Bloemer i Vattenfall, - men det er ikkje store mengder vi slepp ut, og trass alt, det er midlertidig, fortset ho.

Berre ein ting dei har gløymt

Viss CO2 kan lagrast effektivt, kan kol og olje brukast med mindre klimaskader. Nettopp difor er dette også svært interessant for Norge, og norske styresmakter har forsøkt å få karbonfangst og lagring til å bli ein del av FNs såkalla grøne utviklingstiltak. Med andre ord - at for eksempel Norge skal kunne eksportere teknologien, bidra til finansiering av reinsing av kolkraftverk i utlandet, og slik få godskrive dette som reduserte norske CO2-utslepp. CO2-FANGST: Slik omdannes CO2 ved gassanlegget i Altmark i Tyskland.CO2-FANGST: Slik omdannes CO2 ved gassanlegget i Altmark i Tyskland.

Det er dette som er miljøgevinsten mange politikarar drøymer om. Det er berre ein ting dei har gløymt - at folk som bur nær slike anlegg er livredde.

– Ekspertar kan ikkje forsikre oss om at det ikkje kjem opp igjen, og så lenge ein ikkje kan utelukke det så finn eg det uforsvarleg å bruke menneske som forsøkskaninar på denne måten, seier ein annan av innbyggarane i Maxdorf, Ellen Beckmann.

Vi hoppar tilbake til klimaforhandlingane i Mexico. Ei anna utfordring med desse forhandlingane er at alle landa må bli einige om alt. Stadig fleire tar no til orde for at forhandlingane heller burde skjedd i eit mindre og meir slagkraftige forum.

– Det hadde høgst truleg vore mykje enklare å få på plass ein avtale i eit mindre forum, som til dømes G 20. Dersom dei først blir einige, så ville det vere mogeleg å deretter føre den semja inn i forhandlingar i regi av FN, seier Steffen Kallbekken ved Cicero.

Permafrost kan være klimabombe

Mens forhandlingane i beste fall beveger seg framover med museskritt, blir det stadig meir tydeleg at det hastar å få på plass nye klimatiltak. Høyr meir om dette i denne vekas utgåve av Korrespondenten.

Her får du også sjå at permafrost som tinar kan vere ei klima-bombe.

I Korrespondenten får du også sjå at radikale miljø i Storbritannia er i vekst. TV 2 har møtt den anti-islamistiske organisasjonen English Defence League, EDL, som hevdar dei no har seksti tusen tilhengarar. Organisasjonen er berykta for sine valdelege demonstrasjonar, men dei som truleg tenar mest på det, er gruppene EDL ser på som sine fiendar.

- Deira hovudstrategi er konfrontasjon. For oss er det veldig bra, kanskje vi får endå fleire til å vende seg til islam, seier den muslimske predikanten Anjem Choudary.

I Korrespondenten får du det første intervjuet leiaren for EDL, Stephen Lennon, har gitt til norsk presse.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
 
 
Tips en venn
Les også:
Han ønskjer at muslimar skal ta over Storbritannia
Han ønskjer at muslimar skal ta over Storbritannia

Anjem Choudary har ein visjon om at muslimar skal ta over makta og innføre sharia-lover i Storbritannia. Sjå denne vekas Korrespondenten.

Nervøs stemning i Burma før valget søndag
Nervøs stemning i Burma før valget søndag

Burma holder søndag sitt første valg på to tiår. Men makten vil fortsatt ligge i hendene til en mann som beskrives som stormannsgal, ondskapsfull og overtroisk.

Tea Party truer Obama
Tea Party truer Obama

Kongressvalget i USA blir sett på som en folkeavstemning om president Barack Obama og politikken hans.

Fryktar velferdsstaten skal forsvinne
Fryktar velferdsstaten skal forsvinne

Stadig fleire land innfører dramatiske kutt i offentlege utgifter. I Frankrike står kampen no i første rekke om pensjonsalderen, men bak lurer trusselen om at også andre deler av velferdssamfunnet skal forsvinne.

Fryktar at flaumen i Pakistan blir verre
Fryktar at flaumen i Pakistan blir verre

Pakistans verste flaumkatastrofe nokosinne har vart i tre veker. Ein femtedel av landet er ramma, og det er frykt for at det skal bli endå verre.

Rumenere har liten respekt for romfolk
Rumenere har liten respekt for romfolk

– De skjemmer oss ut, sier Isidor Condac (79) da TV 2 treffer ham i en park i Bacau, Romania.

Befolkningseksplosjon kan bli trussel mot verdsfreden
Befolkningseksplosjon kan bli trussel mot verdsfreden

Befolkningseksplosjonen i den tredje verda kan bli ein av dei største truslane mot verdsfreden dei neste åra.

Her er Talibans bombemakere
Her er Talibans bombemakere

De kaller seg kommandosoldater og er Talibans spydspiss mot Nato. Et TV-team fulgte Talibans bombemakere på patrulje.

 
 
 

reklame