Kjempar for ytringsfridom

– Journalister sit fengsla, blir utsette for vald og drept. Du kan jo sjølv tenke deg korleis pressefridommen er. Det seier journalist Malahat Nasibova, for tida i Bergen for å motta Raftoprisen.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

Vald og undertrykking av opposisjonen, har vore situasjonen i landet etter at Ilham Alijev tok over som president i 2003.

Se hele denne ukens «Korrespondenten» nederst i artikkelen.

Valet vart ikkje godkjent av dei internasjonale OSSE-observatørane som overvaka valet.

I Noreg for å motta pris

Kontrasten til eit høstkaldt Norge er stor for Malahat Nasibova. Saman med journalisten og ektemannen Ilgar Nasibov er journalisten i Norge saman med ektemannen for å motta Raftoprisen.

Les også: Raftoprisen tildeles Malahat Nasibova

Nasibova er frå den autonome rebublikken Nakhitsjevan - ein enklave utanfor resten av Aserbajdsjan. Den blir styrt at Vasif Talibov, som har tette familieband til president Alijjev.

Oljerikt land

Aserbajdsjan har rike olje og gassreservar, også Norske Statoil deltar i utvinninga. Men ifølge Nasibova har ikkje oljeutvinninga verka positivt på ytrings- og pressefridommen i landet.

– Tvert imot, seier Nasibova. Ein oljenasjon set oljeinntekter framfor pressefridom.

Håpar prisen vil påvirke styresmaktene

Nasibova er også korrespondent for Radio Free Europe/Radio Liberty. Ho trur Raftoprisen vil få konsekvensar. - Dette vil sette eit fokus på oss, som eg trur vil påvirke styresmaktene. Dei vil bli meir forsiktige, og tenke seg om før de gjer noko mot oss.

Sjå denne og fleire saker i Korrespondenten.

Følge Korrespondenten på twitter: http://twitter.com/korrespondenten

Se hele programmet i videovinudet under.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
Raftoprisen tildeles Malahat Nasibova
Raftoprisen tildeles Malahat Nasibova

Journalisten og menneskerettighetsforkjemperen fra Aserbajdsjan tildeles årets Raftopris.

 
Comments powered by Disqus
  

Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen

Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...


reklame