Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen
Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...
Det går langt betre med amerikansk økonomi. Det meinar iallfall amerikanske styresmakter og mange økonomar. Men amerikanarar flest merkar lite til dei såkalla betre tidene.
Det går langt betre med amerikansk økonomi. Det meinar iallfall amerikanske styresmakter og mange økonomar. Men amerikanarar flest merkar lite til dei såkalla betre tidene.
Politimannen Patrick Geary klistrar eit gult papir på ei dør. Han tar litt ekstra tape på for å vere sikker på at det sit fast.
– Dette er eit utkastingsvarsel, fortel han. - No har dei som bur her 24 timar på seg til å forlate heimen.
Geary jobbar fulltid med å kaste folk på dør i Las Vegas. Han får stadig meir å gjere. Neste stopp er husværet til ei småbarnsmor som har brukt opp sine 24 timar.
– Det er på tide å dra, seier Geary bestemt.
– Men eg har fått lov av retten til å bli, seier den fortvilte småbarnsmora. Men forsøket på å kjøpe seg tid er fånyttes. Politibetjent Geary har lova på si side.
– Du må kle på ungen din og reise no, elles blir du sett i fengsel.
Ein låsesmed begynner straks arbeidet med å skifte låsane. Dei minutta han brukar er all tida den vesle familien får til å pakke sakene sine. Familien røskar med seg koffertane ut på fortauet. Småbarnsmora bryt saman då ho får spørsmål om kor dei skal dra no:
– Det blir gata. Eller kanskje eg kan få hjelp i den kyrkja eg går, svarer mora gjennom tårene.
Las Vegas var byen der alt var mogeleg, sjølve symbolet på framgangstider, glitter og glamour. Men det var før finanskrisa. No er arbeidsløysa rekordhøg, og den berre fortset å stige. Bli med til eit Las Vegas du garantert ikkje kjenner i denne utgåva av Korrespondenten.
Vår USA-korrespondent Elin Sørsdahl er med frå Wall Street. Ho fortel om ein ny fest for meklarane på verdas mest berømte finansgate - ein fest amerikanarar flest ikkje er invitert med på. Akkurat som før finanskrisa blir det Wall Street vs. Main Street. Mange amerikanarar føler avsky for det som skjer, får vi sjå i Sørsdahls reportasje frå byen Berlin i Connecticut.
Lyspunkta er ikkje mange i den europeiske økonomien heller, fortel professor i samfunnsøkonomi ved NHH, Rolf Jens Brunstad.
– Gjeldskrisa er framleis svært alvorleg, slår Brunstad fast. EU-toppane slit med å bli einige om korleis krisa skal løysast, og mens tida går kan krisa bli endå verre. Høyr meir om dette i Korrespondenten.
Mange har altså fått mykje mindre å rutte med den siste tida. På toppen av det kjem aukande matvareprisar - aldri før har mat kosta så mykje som i dag.
– No fryktar ekspertane hungersnaud og opptøyar i verdas fattigaste land, det fortel utanriksreporter Øystein Bogen, som har sett nærmare på den alvorlege matvaresituasjonen.
| Publisert | 11.02.2011 17.12 |
| Oppdatert | 11.02.2011 23.54 |
