Han ønskjer at muslimar skal ta over Storbritannia

Anjem Choudary har ein visjon om at muslimar skal ta over makta og innføre sharia-lover i Storbritannia. Sjå denne vekas Korrespondenten.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

Han blir skulda for å glorifisere terror og for å bidra til å skape morgondagens terroristar. Den muslimske predikanten Choudary er fødd og oppvaksen i Storbritannia, og TV 2 møter han på heimebane i London. Han legg ikkje skjul på korleis han meinar at eit samfunn bør styrast.

– Viss nokon utøver utukt, skal dei straffast med hundre piskeslag. Viss nokon utøver homoseksuelle handlingar offentleg, skal dei ha dødsstraff.

Jobbar frå hemmeleg adresse

Choudary er klar på at Storbritannia og andre vestlege land bør styrast etter sharia-lovene.

– Storbritannia tilhøyrer ikkje Cameron, Blair eller det britiske folket. Det høyrer til Allah, og hans lover må implementerast.

Mange ser på Choudary som ein av Storbritannias farlegaste menn.

– Det han forkynner og den effekten han har på tilhengerane sine, er farleg. Det minner om ei sekt, med måten dei ser opp til Choudary på, seier George Readings, som er forskar ved Quilliam Foundation i London. Stiftinga jobbar med å overvake ekstreme muslimar i Storbritannia. Dei må jobbe frå hemmeleg adresse i London fordi dei har blitt trua, blant anna av Al Qaida.

– Choudary gir folk eit trussystem som rettferdiggjer det å vere terrorist, slår Readings fast.

Den høyreekstreme organisasjonen English Defence Team har peikt ut Anjem Choudary til erkefiende nummer ein.

Les også: Eks-hooligans ruster til kamp mot islamisering

Sjå heile det oppsiktsvekkande intervjuet med Anjem Choudary i denne vekas utgåve av Korrespondenten. (Videovinduet øverst i artikkelen)

Russarane deler etterretningsinformasjon

I Korrespondenten får du også eit innblikk i forholdet mellom Russland og Nato. Russland er for alvor inne i Nato-varmen igjen. Russlands president er invitert til Nato-toppmøtet neste veke. Årsaka er at Nato håpar på russaranes hjelp til å sigre over Taliban i Afghanistan.

- Russland ser ei felles interesse med Nato-landa i at ein lykkast i å stable på beina ein meir velfungerande afghansk stat, seier statssekretær i Utanriksdepartementet, Espen Barth Eide, Ap.

Det er enno ikkje kjent kva Russland skal bidra med i Afghanistan, men dei vil truleg stille helikopter til disposisjon. Det er også snakk om å invitere afghanske offiserar til Russland for opplæring. I tillegg har russarane allereie begynt å dele etterretningsinformasjon med dei vestlege styrkane.

Så er spørsmålet kva Russland forventar å få igjen frå Nato.

– Russland blir teken meir på alvor av Nato no enn tidlegare, seier Barth Eide.

– Russland har heile tida vore mot at Georgia skal få bli medlem av Nato, kva vil skje med Georgias Nato-søknad no?

– Sjølv om samarbeidet mellom Georgia og Ukraina og Nato blir vidareutvikla så er det nok lenger fram til vi ser medlemsskap frå desse landa, og det gjer at Russland nok slappar noko meir av, seier Barth Eide. Sjå heile intervjuet med statssekretæren på Korrespondenten.

Ti til tjue journalistar drepne kvart år

Vi ser også nærmare på arbeidsforholda for journalistar i Russland. Berre den siste veka har to russiske journalistar blitt overfalne av ukjende gjerningsmenn.

Angrepa har skapt sterke reaksjonar og krav om at det blir rydda opp i landet, der nesten 130 journalistar har blitt drepne dei siste ti åra.

- Tal frå Den internasjonale journalistføderasjonen viser at mellom ti og tjue journalistar blir drepne kvart år, og slik har det vore dei siste tjue åra. Så det er klart at det er svært farleg å vere journalist i Russland, det fortel utanriksreporter i TV 2, Øystein Bogen, som sjølv jobbar i landet i periodar.

– I Russland er det omtrent like mykje pressefridom som i Afghanistan, legg han til.

Kvifor det er så ille, og kvifor så få av gjerningsmennene blir arresterte, får du svaret på i Korrespondenten.

Til slutt får du møte den afghanske politikaren Shinkai Karokhail. Ho fortel at afghanske kvinner lever i frykt for at dei internasjonale styrkane skal trekke seg ut av landet for tidleg.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
Nervøs stemning i Burma før valget søndag
Nervøs stemning i Burma før valget søndag

Burma holder søndag sitt første valg på to tiår. Men makten vil fortsatt ligge i hendene til en mann som beskrives som stormannsgal, ondskapsfull og overtroisk.

Fryktar velferdsstaten skal forsvinne
Fryktar velferdsstaten skal forsvinne

Stadig fleire land innfører dramatiske kutt i offentlege utgifter. I Frankrike står kampen no i første rekke om pensjonsalderen, men bak lurer trusselen om at også andre deler av velferdssamfunnet skal forsvinne.

Her er Talibans bombemakere
Her er Talibans bombemakere

De kaller seg kommandosoldater og er Talibans spydspiss mot Nato. Et TV-team fulgte Talibans bombemakere på patrulje.

 
Comments powered by Disqus
  

Slik fikk SV-organisasjon penger fra Lysbakken

Her er de interne dokumenter som viser hvordan et «nei» ble til et «ja»

Stoltenberg grep inn: – Aldri bra at regler ikke blir fulgt


reklame