Geriljaleder vil ha fredssamtaler i Norge

Burmesisk geriljaleiar vil ha fredssamtalar i Norge. TV 2 møtte burmeseren på Bryggen i Bergen.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del

Frå jungelen i Burma til Bryggen i Bergen. Geriljaleiar Nerdah Mya ruslar langs Bergens gamle trehus og lar seg imponere over naturen. Men Nerdah er ikkje i Norge som turist, han er her for å knytte kontaktar i kampen for eit nytt Burma. Soldatane hans kjempar for Karen-folket, ei av mange etniske grupper som utgjer befolkninga i landet.

Støttar Solheim

Nerdah følger nøye med på norske styresmakter sin innsats for fredsarbeidet i Burma. Militærjuntaen i landet styrer med jernhand, og Norges utviklingsminister Erik Solheim er blant dei få som har hatt direkte samtalar med juntaen. Dette har han fått kritikk for, frå fleire hald.

– Ein må innsjå at dialog fører til kostnadar for demokratibevegelsen og Burmas folk, seier Jared Genser, advokaten til fredsprisvinnar Aung Sang Suu Kyi.

Men Nerdah støttar Solheim, og ber norske styresmakter om å gjere endå meir.

– Dei burde invitere alle dei etniske gruppene i Burma til ein samtale i Norge, saman med militærjuntaen.

Dramatisk i Kirgisistan

Høyr meir om Nerdahs forslag, og sjå dei sterke bileta frå då TV2s reporter Bent Skjærstad møtte Nerdah i Burma tidlegare i år.

Korrespondenten byr i tillegg på siste nytt frå Midtausten. Israel vil lette på blokaden av Gaza, men det er tvilsamt om befolkninga på Gaza vil merke noko særleg til det. Les også Fredrik Græsviks siste blogg : Gi opp Hamas – dere er ferdige!

Situasjonen i Kirgisistan er dramatisk, men dette er ikkje først og fremst ein etnisk konflikt slik mange framstiller det som, det forklarar Lene Wetteland, prosjektkoordinator i Den norske Helsingforskomité.

Rinkeby

Korrespondenten har også besøkt Stockholms forstad Rinkeby i kjølvatnet av opptøyane der den siste tida.

Gå heller ikkje glipp av eit møte med den russiske professoren Igor Panarin. Han har reist verda rundt og halde foredrag om USAs snarlege undergang. Og det er no, denne sommaren, det skal skje.

Dette er den siste utgåva av Korrespondenten før sommarferien, men programmet er tilbake 13. august.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
 
  

Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen

Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...


reklame