Fryktar velferdsstaten skal forsvinne

Stadig fleire land innfører dramatiske kutt i offentlege utgifter. I Frankrike står kampen no i første rekke om pensjonsalderen, men bak lurer trusselen om at også andre deler av velferdssamfunnet skal forsvinne.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

Eric Gilly går fremst i demonstrasjonstoget gjennom gatene i Paris. Han ropar ut slagord mot pensjonsreforma medan han slår takta på ei stortromme.

– Vi ønskjer å pensjonere oss når vi er 60 år, seier Gilly, som er ivrig fagforeiningsmedlem. Han skulle etter planen pensjonere seg om ti år, no kan han bli nøydd til å jobbe to år ekstra. Heile familien Gilly deltar i streiken. Dei er alle bekymra over utviklinga.

– Gjennom dei siste åra har vi sett at vi begynner å miste alt, fortel Gilly.

Voldsomme demonstrasjoner

Dag etter dag den siste tida har vi sett dei same bileta. Tusenar av demonstrantar togar gjennom gatene i Paris. Og i Roma. Og London. Stadig fleire land innfører dramatiske kutt i offentlege utgifter.

Mange EU-land brukte store summar på å redde økonomien frå kollaps under finanskrisa. Det, kombinert med rause velferdsordninger i eit Europa med ei stadig eldre befolkning, har ført til rekordstore underskot på budsjetta. Difor må sparekniven fram no. FØLGER DEMONSTRASJONENE I FRANKRIKE: TV 2s Bent Skjærstad.FØLGER DEMONSTRASJONENE I FRANKRIKE: TV 2s Bent Skjærstad. Foto: TV 2

TV 2s reporter Bent Skjærstad har følgt streiken i Frankrike.

Slutten på velferdsstaten

– Det fagforeingane fryktar er at dette er byrjinga på slutten av velferdsstaten. Det er frykt for at når denne pensjonsreforma passerer i Senatet så vil det berre komme nye reformer som tar vekk rettar fagforeiningane har kjempa lenge for. Folk i alle aldrar engasjerer seg i kampen mot pensjonsreforma, seier Skjærstad.

Les mer: Opptøyene om pensjonsreformen i Frankrike vokser

Han var med tusenar av skuleelevar då dei demonstrerte i Paris sine gater. Sjå reportasjen i denne vekas Korrespondenten øvst i artikkelen. Her får du også eit intervju med Rolf Jens Brunstad, professor ved Norges handelshøgskule. Han bekreftar at det er fare for at velferdsstaten slik vi kjenner den er i ferd med å forsvinne.

– Ein del av reformene som no kjem, og som i og for seg er fornuftige, vil få ein uheldig utvikling på inntektsfordelinga i samfunnet. Fattige får lågare velferdsvekst, mens dei rikaste flyt oppå, som alltid, seier Brunstad. MAGRE TIDER: Hos Isis cafe i Manchester koster curryen det samme som for to år siden.MAGRE TIDER: Hos Isis cafe i Manchester koster curryen det samme som for to år siden. Foto: TV 2

500.000 arbeidsplasser på spill

Denne veka lanserte også regjeringa i Storbritannia dramatiske kutt, ein halv million offentleg tilsette vil miste jobben i dei største kutta i offentlege utgifter sidan andre verdskrig. Kutta vil ramme skeivt geografisk, og Korrespondenten har besøkt eit område i Manchester der folk stålset seg mot det som vil komme.

I Korrespondenten får du også sjå unike bilete av korleis Taliban lagar og utplasserar sine frykta vegbomber. Over 300 Nato-soldatar har blitt drepne av vegbomber så langt i år, blant dei fem nordmenn.

Fleire av opprørsgruppene som slåst mot dei internasjonale styrkane i Afghanistan, held til i nabolandet Pakistan. Og der får dei støtte frå delar av pakistanske styresmakter. Utanriksdepartementets spesialutsending, Kai Eide, etterlyser større fokus på Pakistan.

– Pakistan er heilt openbert den største trusselen ein står overfor i området, slår Eide fast.

Høyr grunngjevinga til Eide i Korrespondenten, her får du også sjå kva utanriksminister Jonas Gahr Støre meinar om problemstillinga.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
 
  

Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen

Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...


reklame