Fryktar at flaumen i Pakistan blir verre

Pakistans verste flaumkatastrofe nokosinne har vart i tre veker. Ein femtedel av landet er ramma, og det er frykt for at det skal bli endå verre.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

Regnet har fossa ned over delar av Pakistan det siste døgnet. Hjelpeorganisasjonar fryktar konsekvensane.

– Dei siste regnskylla har vore solide, og dei vil heilt sikkert føre til større oversvømmingar i Sindh, og kanskje også i område lenger nord, fortel Arne Sæverås.

Han er spesialrådgjevar i Kirkens Nødhjelp, og har jobba med Pakistan i ei årrekkje. Han har også tilbrakt ei veke i dei flaumramma områda.

Sein reaksjon gir alvorlege konsekvensar

Det internasjonale samfunnet reagerte seint på flaumkatastrofen. Først no har det kome fortgang i hjelpearbeidet. Men framleis står millionar av ofre utan å ha fått noko hjelp.

– Konsekvensane av det er store. Hadde det ikkje vore for den kjempedugnaden vi har sett frå lokalmiljøet hadde endå fleire liv gått tapt, seier Sæverås, og legg til at han er imponert over korleis naboar og vener har stilt opp for kvarandre.

– Vi er framleis avhengige av at lokalsamfunnet stiller opp fram til vi får det formelle hjelpearbeidet skikkeleg i gang.

Vil trenge hjelp i lang tid

Ein har framleis ikkje full oversikt over omfanget av katastrofen, men rundt 20 millonar menneske skal vere ramma. Dei fleste var fattige frå før. No har dei mista alt.

– Regnet og flaumen kom tre veker før ein skulle ta avlingane inn. All den avlinga er øydelagt. Oppå jorda ligg gjerne ein meter med slam og leire som ein ikkje kan plante i. Ein må difor jobbe med jorda i lang tid før ein kan begynne og plante igjen. Så både ein og to sesongar har gått tapt, seier Sæverås.

TV 2 sitt reportasjeteam i Pakistan, Kadafi Zaman og Aage Aune, har reist rundt i mange av dei flaumramma områda. Dei fortel om vegar som er forvandla til frodande elvar, og provisoriske, skranglete taubaner som einaste framkomstmiddel.

Sjå deira spennande videoblogg i denne utgåva av Korrespondenten.

Midtausten: Vanskelege forhandlingar i vente

Denne veka ser vi også nærmare på dei direkte fredsforhandlingane mellom Israel og palestinarane, som truleg kjem i gang om kort tid. Det amerikanske utanriksdepartementet opplyste torsdag kveld at ein avtale om å starte forhandlingane er like rundt hjørnet. Men når samtalane først kjem i gang er spørsmåla mange og vanskelege, og faren for at samtalene skal bryte saman er overhengande.

Spesialrepresentant for Midtausten Jon Hanssen–Bauer fortel kva vi kan vente oss framover, og ikkje minst kva Norge bidrar med i denne prosessen.

England: Til kamp mot islam

English Defence League kallar dei seg. Ein organisasjon som hevdar dei har klart å samle kvite, svarte, jødar og fotball-hooligans. Deira felles mål er å bekjempe islam. Korrespondentens utsende medarbeidarar, Bent Skjærstad og Torbjørn Fardal, har fått uvanleg godt innpass hos organisasjonen.

Møt menneska bak English Defence League i Korrespondenten.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
 
  

Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen

Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...


reklame